• Bedrift
    Solund kommune
  • Søknadsfrist
    16.06.2021
  • Sted:
    HARDBAKKE
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    HARDBAKKE
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3900548
  • Se her for andre jobber fra Solund kommune

Ledig stilling som spesialpedagog (70 %) og inspektør (30 %)

Solund kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Solund kommune har ledig vikariatstilling som spesialpedagog og inspektør skuleåret 01.08.2021 – 2022 med mogeleg forlenging.

Solund barnehage og Solund barne- og ungdomsskule er lokalisert på Hardbakke. Oppvekstsektoren har fokus på å utvikle tverrfagleg samarbeid, der også kulturskulen er del av dette samarbeidet. Barnehagen og skulen er sjølvstendige einingar der personalet arbeider i team og fysisk aktivitet med bruk av lokalsamfunnet er viktige element i kvardagen.

Vi treng spesialpedagog som er trygg på eigen fagleg ståstad, som likar å arbeide med barn og unge og som vil vere med og utvikle læringsmiljøet i kommunen. Stillinga vil vere knytt til både barnehage og skule.
Arbeidsoppgåver
- Er leiar for ressursgruppa
- Delta i arbeidet med å utvikle mål og tiltak
- Undervise mindre grupper og/eller einskildelevar
- Samarbeide med teamet som er rundt barnet eller ungdomen, både ved barnehage, skule og eksterne partar.
- Opplæring og rettleiing av tilsette
- Delta i oppvekst sitt utviklingsarbeid. For tida er dette inkluderande læringsmiljø og tilpassa opplæring for elevar med stort læringsutbytte.
Kvalifikasjoner
- Spesialpedagogisk utdanning

Solund barne- og ungdomskule har ledig stilling som inspektør. Vi ønskjer inspektør som ser skulen som del av lokalsamfunnet, er løysingsorientert og fleksibel.
Arbeidsoppgåver
- Deltek aktivt i drift og utvikling av skulen
- Har fokus på elevane sitt psykososiale læringsmiljø
- Rettleie elevar, føresette og tilsette
Kvalifikasjoner
- Godkjent lærarutdanning
- Gjerne leiarerfaring/-utdanning
- Har evna til å motivere andre og utvikle meistringsklima
- Er fleksibel og løysingsorientert
- Det er ei føremon å ha erfaring/utdanning kring arbeid med psykososialt miljø.

Fortrinnsvis ønskjer vi at tilsetjing av spesialpedagog og inspektør vert i ei stilling.

Gjeld begge stillingane
- Personlege eigenskaper vert vektlagt
- Det vil verte lagt vekt på erfaring frå undervisning.
- Gode ferdiigheiter i norsk, både skriftleg og muntleg
Vi tilbyr
- Høve til å påverke utvikling av læringsmiljøet
- Høve til eigenutvikling gjennom ansvar
- Kjekke barn og ungdommar, og medarbeidarar
- Rom for eige initiativ og engasjement
- God pensjonsordning i KLP
- Hjelp til å skaffe bustad

Tilsettinga i tråd med HTA. Løns- og arbeidsvilkår er i h.h.t. gjeldande lover, reglement og tariffavtalar.
Prøvetid med 6 månader.
Ved tilsetjing vert det krevd politiattest, ikkje eldre enn 3 mnd, og utfylt MRSA- skjema
Solund kommune brukar nynorsk skriftspråk. 

Offentleg søkjarliste
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg informasjon. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.

Velkommen som søkjar.

 

 
  • Bedrift
    Solund kommune
  • Søknadsfrist
    16.06.2021
  • Sted:
    HARDBAKKE
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    HARDBAKKE
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3900548
  • Se her for andre jobber fra Solund kommune