Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Vestnes kommune

Ledig fastlegeheimel i Vestnes Kommune, Møre og Romsdal

Offentlig forvaltning

Naturskjønne Vestnes Kommune ligg 40 min frå fjelltindane i Rauma og Åndalsnes, 35 min vakker ferjetur frå Molde og 50 min køyretid frå byliv i Ålesund.

Vestnes legesenter har ledig nyoppretta fastlege heimel. På listestorleiken til alle fastlegane er staben auka frå 7 til 8 fastlegar i tillegg til LIS1.

Til stillingane kan det knytast kommunale oppgåver inntil 7,5 timer/veke, men for tiden er det ikkje knytt kommunale oppgåver til dei utlyste stillingane.

Legesenteret er kommunalt drive med god dekning av helsesekretær og laboratorium med bioingeniør. Vi flytta inn i heilt nye og moderne lokal i april 2021.

Søkarane kan vel mellom næringsdrift, fast tilsetting eller ALIS-stilling. Kommunen er godkjent som utdanningsinstitusjon. Som næringsdrivande er det kommunal 8.2 avtale med fast husleige som utgjer ca. 90 % av basistilskotet. Det er ingen investeringskostnader. Fastlønn ligger i dag på kr. 1 000 000 med moglegheit for å forhandle om oppjustering for ansiennitet og ferdig spesialist i allmennmedisin. Fastlønna lege får utbetalt en bonus på 15 % av inntekter.

Legesenteret har flat struktur og ei «open-dør» for fagleg rådgjeving legane mellom. ALIS og leger som startar utdanningsforløp i allmennmedisin vil få tildelt eigen rettleiar. Vi har fredagsmøte kvar veke med internundervisning i smågruppe eller drøfting av utfordringar. Vi har også avtale med kommunen om inntil 10 kursdagar per år med kompensasjon av kursavgift.

Vestnes Kommune har vaktsamarbeid med nabokommunar på Ørskog på ettermiddag/helg og med Ålesund kommune natt. Per i dag er vaktbelastninga på ettermiddag/helg på 10-delt. Belastninga kan det neste året bli betre ved oppretting av ny heimel i kommunen og retur av legar frå foreldrepermisjon. Legar som ikkje har sjølvstendig vaktkompetanse ift norske retningslinjer vil få tildelt bakvakt.

I rammeavtalen inngår rett til barnehageplass uavhengig av hovudopptaket og søkjar vil få hjelp til å skaffe bustad.

Søkjar må ha norsk autorisasjon som lege og være spesialist i allmennmedisin eller ha fullført LIS1 ved tidspunkt for oppstart i heimel.

Søkjar må kunne beherske norsk munnleg og skriftleg.

Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader. 

Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.
 
Referanser
Oppgi referanser.
 
Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Attestar og vitnemål må takast med til intervju.
 
Søkjarlista kan bli offentliggjort.
 
Sjå video om Vestnes kommune og Vestne legesenter her: https://www.youtube.com/watch?v=XWO5PJGseaI