• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    18.05.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Sogndal
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3780218
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 28.04.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sogndal kommune

Landbruksrådgjevar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Sogndal kommune ved eining Samfunn og næring har ei ledig 100 % stilling som landbruksrådgjevar. Eininga Samfunn og næring har oppgåver innan landbruksforvaltning og næringsutvikling og skal vera ein sentral bidragsytar til ei omfangsrik landbruksnæring med god utvikling i kommunen. Sogndal kommune har i overkant av 30 000 daa jordbruksareal der vel 1600 daa er frukt og bærproduksjon, samt eit betydeleg småfehald, storfe og mjølkeproduksjon av ku og geit. Det er i underkant av 300 aktive produsentar i kommunen. Landbruksforvaltninga har kontorstad i Sogndal.

Vi søker deg som kan utøve god forvaltning med driv, engasjement og lidenskap for landbruket. Du vil bli sakshandsamar i eit utvida arbeidsfellesskap med engasjerte og godt kvalifiserte medarbeidarar, som dekker ulike fagområde knytt til stillinga.

 

Arbeidsoppgåver:

· Handsaming av saker innanfor landbruket sitt lovverk og tilskotsordningar

· Tilsyn og kontrolloppgåver

· Konsesjonshandsaming ved eigarskifte

· Rådgjeving innanfor avdelinga sitt ansvarsområde med fokus på utvikling gjennom kvalitet og effektiv teneste

· Samarbeid på tvers av fagområde i kommunen, eksterne myndigheiter, fagmiljø og næringsliv.

· Oppgåver knytt til utvalde kulturlandskap og investeringssaker i Innovasjon Norge m.fl.

· Andre relevante oppgåver innanfor fagområdet

 

Kvalifikasjonar:

· Høgskule/universitetsutdanning på master eller bachelornivå innan landbruksfag eller andre relevante fagområde

· Annan relevant fagkompetanse i kombinasjon med praktisk erfaring kan vege opp for manglande formalkompetanse

· Erfaring frå offentleg forvaltning vil vere ein fordel

· God datakunnskap

· Førarkort klasse B

 

Personlege eigenskapar:

· Strukturert og sjølvstendig.

· Dyktig på å bygge relasjonar og kommuniserer godt både skriftleg og munnleg.

· God evne til å sette seg inn i oppgåvene og vilje til gjennomføring.

· Stort engasjement, open og samarbeidsretta.

· God rolle- og oppgåveforståing.

 

Vi tilbyr:

· Ei spanande og sjølvstendig stilling i eit kompetent og triveleg fagmiljø

· Varierte og interessante oppgåver med stor kontaktflate.

· Gode moglegheiter for fagleg utvikling.

· Gode pensjons- og forsikringsordningar.

· Gode velferdsordningar.

· Løn og vilkår etter avtale, avhengig av utdanning og erfaring

 

Vi ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å leggja arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Kun søknader sendt via EasyCruit vert tekne i betraktning.

 

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    18.05.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Sogndal
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3780218
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 28.04.2021