Detaljer


Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

LAGERMEDARBEIDAR

BYGGtorget Martin Lid Trelast AS er eit veletablert byggjevarehus som har forhandla byggjevarer, hus og hytter i Voss og omegn i 60 år. Selskapet held til i eigne lokale på Palmafossen og har i dag 14 tilsette. Selskapet er medlem av byggjevarekjeda BYGGtorget og huskjeda Systemhus. Begge kjedekonsepta er medlemsbedrifter i Noregs største byggjevarekonsern Mestergruppen. BYGGtorget utgjer i dag 102 butikkar fordelt over heile landet og er ein markant aktør i den norske byggjevaremarknaden.

LAGERMEDARBEIDAR

VIKARIAT 1 ÅR

BYGGtorget Martin Lid Trelast AS søkjer etter kundefokusert og serviceinnstilt lagermedarbeidar.

Du likar å arbeida i team og har god kundekontakt. Ideelt sett har du erfaring og kunnskap frå byggjebransjen.

Er det deg me ser etter?

ARBEIDSOMRÅDE:

  • Sal og kundebehandling av både privat og proffkundar.
  • Logistikk og bestilling av varer til lager
  • Varemottak og varepåfylling.
  • Utkøyring av varer til kunde.

ME YNSKJER AT:

  • Du er engasjert og positiv med kunden i fokus.
  • Du har stort fokus på god rådgiving og sal til våre kundar.
  • Du er god på kommunikasjon og kundebehandling.
  • Du er serviceinnstilt, positiv og likar å arbeida i team.
  • Du har erfaring frå lager- og/eller byggjebransjen.

ME KAN TILBY DEG:

  • Eit godt arbeidsmiljø og kompetente arbeidskollegaer.
  • Allsidige og interessante arbeidsoppgåver.
  • Konkurransedyktige vilkår.
  • Nødvendige kurs og opplæring

Ynskje om snarleg tilsetjing i stillinga.

For meir informasjon om stillinga kontakt Jon Bjarne Lid tlf. 416 74 404.

Søknad og CV kan sendast til: jb@martinlid.no

Søknadsfrist: 15. mars 2019