• Bedrift
    Fjaler kommune
  • Søknadsfrist
    14.03.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3517527
  • Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
  • Oppdatert 25.02.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Fjaler kommune

Lærararstillingar - fast, mellombels og vikariat

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Er du ein engasjert, målbevisst og fagleg dyktig pedagog? Då kan det vere deg vi ser etter. 

Vi har ledige lærarstillingar for skuleåret 2021/22. Stillingane vil vere i 100%, og vi skal tilsetje både fast og i mellombels stilling/vikariat. 

Hos oss blir du ein del av ein arbeidsplass i endring og utvikling, og skulen vil frå hausten få ny, felles leiing med Våge barnehage. Vil du vere med på denne reisa? 

Ta gjerne kontakt for å få meir informasjon om stillingane og arbeidsplassen. Vi ser fram til å høyre frå deg. 

Kvalifikasjonar

  • Grunnskulelærar 1-7 eller 5-10, eller andre med godkjend pedagogisk utdanning
  • Fagønskje er blant anna undervisningskompetanse i matematikk og engelsk, i tillegg til spesialpedagogisk kompetanse
  • Gjerne erfaring frå nye varierte arbeidsmetodar og skuleutvikling
  • Den som vert tilsett må legge fram godkjend politi- og tuberkulinattest før tiltreding

Personlege eigenskapar

  • Evne til å planlegge, gjennomføre og vurdere ulike opplæringstilbod for elevane
  • Vere ein klår og tydeleg klasseleiar
  • Gode samarbeidsevner, vere initiativrik og fleksibel
  • Evne til å setje seg inn i og endre praksis i tråd med fagfornyinga
  • Kunne delta i fagleg utviklingsarbeid i ein travel kvardag

Vi tilbyr

  • Løn etter sentralt løns- og stillingsregulativ
  • Eventuelle kontaktlærarar får eit tillegg på kroner 26.000 per år
  • Redusert undervisningsplikt for nyutdanna
  • Noregs beste pensjonsordning i SPK
  • Godt arbeidsmiljø og hyggelege kollegaer

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin.

 

  • Bedrift
    Fjaler kommune
  • Søknadsfrist
    14.03.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3517527
  • Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
  • Oppdatert 25.02.2021