• Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    13.03.2021
  • Stillingsfunksjon
    Lærar
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3518366
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
  • Oppdatert 26.02.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sunnfjord kommune

Lærarar i grunnskulen for skuleåret 2021/2022

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Ved grunnskulane i Sunnfjord har vi mange ledige undervisningsstillingar frå hausten 2021. 

Vi søker etter engasjerte, inkluderande lærarar med gode kunnskapar i faga dei skal undervise i, og som tek aktivt del i profesjonsfellesskapen.
Du må vere tydelig i leiarrolla og vere god til å bygge relasjonar med elevane.
Lærarar i vår kommune er ein del av eit fagleg fellesskap som legg vekt på utvikling og læring både i og utanfor klasserommet.

 

Om oss

I Sunnfjord kommune er det frå hausten 15 grunnskular, frå den minste skulen med ca. 10 elevar, til den største skulen med rundt 450 elevar. I tillegg til dei 15 skulane gir eininga Vaksenopplæring og integrering opplæring i norsk, samfunnsfag og grunnskule for flyktningar og innvandrarar.

Skulane i Sunnfjord kommune har gode faglege resultat og arbeider systematisk med inkluderande skulemiljø.

Som lærar i Sunnfjord kommune forpliktar du deg til å arbeide etter våre verdiar og satsingsområde. Utviklingsarbeid i eit profesjonsfellesskap blir vektlagt i kommunen sitt faglege arbeide.

Du finn informasjon og link til dei ulike skulane sine heimesidener på www.sunnfjord.kommune.no

 

Kompetanse/faglege behov og tal stillingar:

Vi har ledig faste stillingar og vikariat frå 01.08.2021. Det er behov for kontaktlærarar.

Førde barneskule:  

Førde barneskule er ein 1 -7 skule med 260 elevar. 

Det er ledig inntil 4 faste stillingar og inntil 2 årsvikariat:

Krav til søkar:
- må kunne vere kontaktlærar
- godkjent lærarutdanning for undervisning i 1. - 7. trinn
- undervisningskompetanse i eit eller fleire av faga: matematikk, norsk, engelsk, musikk, kroppsøving, kunst og handverk, spesialpedagogikk

Halbrend skule:

Halbrend skule har elevar på 6. - 10. trinn og har rundt  380 elevar. 

Det er ledig inntil 4 årsvikariat

Krav til søkar:
- godkjent lærarutdanning
- undervisningskompetanse i eit eller fleire av faga: norsk, engelsk, kunst og handverk og spansk, gjerne i tillegg til faga tysk, musikk og spesialpedagogikk
- må kunne vere kontaktlærar

Frøysland skule: 

Frøysland skule er en barneskule med ca. 10 elevar. Skuleåret 2021-2022 vert det elevar på 4. - 7. trinn.

Det er ledig inntil 1 fast stilling.

Fagønske: kunst og handverk, mat og helse, samfunnsfag og symjing.

Sunde skule: 

Sunde skule er ein barneskule med 1. - 7. trinn med rundt 175 elevar

Det er ledig inntil 1,4 faste stillingar og inntil 2,3 årsvikariat

Krav til søkar:
- godkjent lærarutdanning for undervisning i 1. - 7. klasse
- Fagønske for årsvikariata: musikk, engelsk, kunst og handverk, begynnaropplæring og symjing
- Fagønske for faste stillingar: spesialpedagogikk, norsk, matematikk, engelsk.

Holsen skule:

Holsen skule er ein 3- delt skulen med rundt 42 elevar. 

Det er ledig inntil 1 fast stilling og inntil 2,4 årsvikariat

Krav til søkar: 
- godkjent lærarutdanning for undervisning i 1. - 7. klasse.
- Fagønske: kompetanse i norsk, matematikk, engelsk, kroppsøving/ symjing, musikk og spesialpedagogikk

Slåtten skule: 

Slåtten skule er ein barneskule med undervisning i 1. - 7. klasse. Det er to og tre paralellar på trinnet og ca. 400 elevar på skulen.   

Det er ledig inntil 2 årsvikariat. 

Krav til søkar:
- må kunne vere kontaktlærar
- fagønske: matematikk, norsk, engelsk og kunst og handverk         

Flatene skule: 

Flatene skule er ein 1. - 5 skule med 2 - 3 paralellar på kvart trinn. Det er ca. 240 elevar på skulen. 

Det er ledig inntil 2 årsvikariat og 1 vikariat frå 01.08.2021 - 18.02.2022.

Krav til søkar:
- må kunne vere kontaktlærar
- fagønske: kroppsøving med symjekompetanse, norsk, engelsk og matematikk
- på grunn av oppfølging av enkeltelevar er det ønskeleg med mannlege kroppsøvingslærarar     
     

Førde ungdomsskule:

Førde ungdomsskule har fire paralellar per trinn og kring 300 elevar. 

Det er ledig inntil 9 årsvikariat.

Krav til søkar: 
- grunnskulelærar
- må kunne vere kontaktlærar   
- fagønske for inntil 6 av stillingane: norsk
- andre fagønske: engelsk, matematikk, musikk, kroppsøving og mat og helse 

Viksdalen skule: 

Viksdalen skule er ein 4- delt skule med 1. - 10. trinn. Skulen har ca. 50 elevar. 

Det er ledig inntil 3,7 årsvikariat.      

Krav til søkar:
- grunnskulelærar
- fagønske: norsk, engelsk, naturfag, matematikk, kunst og handverk, spesialpedagogikk og tysk

Sande skule:

Sande skule er ein 1 - 10 skule med ca. 290 elevar.

Det er ledig inntil 2 faste stillingar og 4 årsvikariat. 
Det er ledig inntil 2 vikariat frå 01.08.2021 - 31.12.2021.
Det er ledige stillingar ved småskulen, mellomtrinnet og ungdomsskulen.       

Krav til søkar: 
- fagønske for tidsavgrensa vikariata: matematikk, engelsk og kroppsøving
- fagønske småskule: spesialpedagog med kompetanse innan synshemming, alle fag
- fagønske mellomtrinnet: norsk, KRLE, kroppsøving, naturfag og spesialpedagogikk 
- fagønske ungdomsskulen: spesialedagogikk, engelsk, naturfag, kunst og handverk, engelsk, matematikk, kroppsøving, norsk  

Bygstad skule: 

Bygstad skule er ein barneskule med 1. - 7.  trinn. Skulen har ca. 100 elevar.

Det er ledig inntil 1,8 faste stillingar og 60% årsvikariat.

Krav til søkar:
- må kunne vere kontaktlærar
- grunnskulelærar som er kvalifisert til å undervise på barnesteget 
- Fagønske: undervisningskompetanse i eit eller fleire av faga norsk, matematikk og engelsk

Skei skule:

Skei skule er ein kombinert barne- og ungdomskule med rundt 130 elevar.

Det er ledig inntil 1 årsvikariat og 2 vikariat frå 01.08.2021 - 28.02.2022, med høve for forlenging.

Krav til søkar: 
- Brei fagkompetanse for undervisning på ungdomsskulesteg, allmennlærarutdanning og/ eller grunnskuleutdanning med kvalifikasjonar for undervisning i 1. - 7. trinn eller 5. - 10. trinn.   
- Fagønske: matematikk, norsk, naturfag, engelsk og musikk                

Vassenden skule:

Vassenden skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule med omlag 300 elevar.

Det er ledig inntil 1 årsvikariat og 1 vikariat frå 01.08.2021 - 28.02.2022.
Undervisninga vil i hovudsak vere på barneskulen.       

Krav til søkar: 
- må kunne vere kontaktlærar
- fordel med kjennskap til PALS og FAL
- Fagønske: engelsk, norsk, mat og helse, musikk, kroppsøving og kunst og handverk

Naustdal skule: 

Naustdal skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule med ca. 360 elevar.

Det er ledige stillingar både på ungdomsskulen og barnetrinnet. 
På ungdomstrinnet er det ledig inntil 3 faste stillingar, 3 årsvikariat, og 1 vikariat frå 01.08.2021 - 28.02.2022 med mogelegheit for forlenging.
På barnetrinnet er det ledig inntil 1 fast stilling og inntil 4 årsvikariat.

Krav til søkar: 
- godkjent lærarutdanning for undervisning
- må kunne vere kontaktlærar

Fagønske til dei ulike stillingane: 
- faste stillingar på ungdomssteget: norsk, engelsk og musikk, gjerne i kombinasjon med fleire undervisningsfag og eller spesialpedagogikk
- vikariat på ungdomssteget: norsk, engelsk, matematikk, naturfag, gjerne i kombinasjon med andre undervisningsfag og spesialpedagogikk.
- Fast stilling på barnesteget: må ha undervisningskompetanse for undervisning i 1. - 4. trinn. Fagønske: matematikk, engelsk, norsk og musikk.
- Vikariat på barnesteget: norsk, matematikk og engelsk gjerne i kombinasjon med andre undervisningsfag og spesialpedagogikk.

 

Det kan bli endringar i tal stillingar og stillingsprosent ved dei ulike skulane før skulestart.
Du kan bli vurdert som søkar til andre skular enn du har ført opp i søknaden.
Dei fleste vikariata gjeld for heile skuleåret, men nokre kan vere for ein kortare periode. 

Arbeidsoppgåver
  • ein av verdas beste og viktigaste jobb: Undervisning!
  • arbeide med å skape eit trygt og godt skulemiljø
  • legge til rette for eit godt skule-heim samarbeid
Kvalifikasjonar
  • godkjent lærarutdanning
  • gode kunnskapar, både fagleg og didaktisk
  • er ein tydeleg og strukturert klasseleiar/klasselærar
  • kan tilpasse opplæringa til det beste for kvar einskild elev
  • har gode kunnskapar i nynorsk og bruk av IKT
Personlege eigenskapar
  • god til å samarbeide
  • god IKT kompetanse
  • utviklingsorientert
  • fleksibel
  • interessert i å utvikle praksisen i klasserommet i takt med samfunnsutviklinga
  • tydeleg i leiarrolla og har evne til å bygge gode relasjonar til elevane

Dei som vert tilsett må kunne ta på seg kontaktlæraransvar.

Aktuelle søkarar vert kalla inn til intervju.

Det vert krevd politiattest av ny dato før start i stilling.

Vi tilbyr:
  • mentorordning for nyutdanna lærarar
  • eit triveleg og godt lærings- og arbeidsmiljø
  • løn i samsvar med tariffavtale
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
  • kontaktlærartillegg kr 30 000
Søknad

Du må søke elektronisk!

Du må prioritere kva skular du søker på.

Legg ved (last opp) vitnemål og attestar. 


Vi håpar du vil søke hos oss! Vi ser fram til å høyre frå deg!

 

 

 

 

 

 

  • Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    13.03.2021
  • Stillingsfunksjon
    Lærar
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3518366
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
  • Oppdatert 26.02.2021