Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
24.06.2022Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Førde
SUNNFJORD
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
4642051Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
- Oppdatert 26.05.2022
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Sunnfjord kommune
Lærarar i grunnskulen for skuleåret 2022/2023
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Det er godt å vere lærar i Sunnfjord kommune!
Skulane har høg kvalitet, høg trivsel og gode faglege resultat.
Du ein del av eit fagleg fellesskap som arbeider saman for å skape den gode skulen. Det er eit godt arbeidsmiljø og som «nyutdanna nytilsett» får du oppfølging av ein mentor. Du vil få eit fellesskap med andre nyutdanna ny tilsette. Skulane har gode fasilitetar og er godt utstyrt med digitale løysingar. Kvar elev har si eiga datamaskin, eller IPad.
Gode lønsordningar som kjem i tillegg til grunnløna di:- kompetansetillegg om du har, eller tek studiepoeng ut over grunnutdanninga
- høge tillegg om du blir kontaktlærar
- gode tillegg om du ønsker å søke på funksjonsstillingar
Vi har om lag 22 000 innbyggarar, og 14 skular med 3 000 elevar.
Store opplevingarAvstandane er korte i kommunen, med berre minuttar mellom mektige opplevingar ved fjorden eller på breen, til det urbane liv i Førde sentrum.
Korte avstandarKommunen har gode barnehagar og skular. Grunna dei korte avstandane i kommunen, så brukar du ikkje mykje tid til å hente og bringe til barnehage, eller gå i butikken.
Det er heller ikkje langt om du vil til Bergen eller Oslo.
Rikt tilbod for idrett og kulturVi kan by på mange ulike kulturtilbod og har svært gode fasilitetar for idrett med sju idrettshallar i kommunen. Vi har også gode langrennsløyper og fleire skianlegg.
Vi har følgande lærarstillingar ledig frå hausten 2022Førde barneskule:
Førde barneskule er ein 1 -7 skule med 260 elevar.
Vi har ledig:
- inntil 250 % vikariat i skuleåret 2022/2023
Vi søker etter lærarar med fagkompetanse norsk, engelsk og matematikk. Du må kunne vere kontaktlærar. Det er ein fordel om du har fagkompetanse i kunst og handverk og musikk.
Førde ungdomsskule:Førde ungdomsskule har fire parallellar per steg og kring 300 elevar.
Vi har ledig:
- 35 % vikariat som spansklærar
Stillinga kan aukast opp til 80 % dersom søkar har undervisningskompetanse i engelsk eller norsk i tillegg. Vikariatet gjeld for skuleåret 2022/2023.
Halbrend skule:Halbrend skule har elevar på 6. - 10. steg og har rundt 400 elevar.
Vi har ledig:
- 200 % vikariat for skuleåret 2022/2023
Fagønske er norsk, engelsk, spansk og kunst og handverk.
Arbeidsoppgåver- ein av verdas beste og viktigaste jobb: Undervisning!
- arbeide med å skape eit trygt og godt skulemiljø
- legge til rette for eit godt skule-heim samarbeid
- godkjent lærarutdanning
- gode kunnskapar, både fagleg og didaktisk
- er ein tydeleg og strukturert klasseleiar/klasselærar
- kan tilpasse opplæringa til det beste for kvar einskild elev
- har gode kunnskapar i nynorsk og bruk av IKT
- er engasjert
- har lyst til å utvikle deg og skulen vidare
- er ein god klasseleiar
- evner å sjå eleven og utvikle eit godt klasse/skulemiljø
- deltek aktivt i skulen sitt profesjonsfellesskap
- legg til rette for eit godt samarbeid med foreldre
Aktuelle søkarar vert kalla inn til intervju. Vi krev politiattest av ny dato før start i stilling.
Du finn meir informasjon om skulane og stillingane på skulane sine nettsider.
Det kan bli fleire ledige stillingar fram mot skulestart.
SøknadDu søker elektronisk og prioriterer i søknaden kva skule du søker på. Det er viktig at du legg ved (lastar opp) vitnemål og attestar.
Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!
Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
24.06.2022Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Førde
SUNNFJORD
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
4642051Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
- Oppdatert 26.05.2022