Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
31.07.2022Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4559659Se her for andre jobber fra Ål Kommune
- Oppdatert 12.04.2022
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Ål Kommune
Lærarar, barnehagelærarar og fagarbeidarar til innføringstilbod for barn, unge og vaksne frå Ukraina
Offentlig forvaltning
Ål kommune er anmoda om å ta i mot familiar som flyktar frå Ukraina. I samband med dette skal me innan ein månad gje tilbod om skule for barn mellom 6-16 år, og innan kort tid eit tilbod til barn i barnehagealder. Det søkjast også etter lærarar til eventuelle behov i vaksenopplæringa ved Ål introsenter. Det er ikkje klart kven, og kor mange som kjem til Ål kommune per nå. Talet på stillingar vert styrt av kor mange som kjem i dei ulike aldersgruppene. For å vera førebudd til rask oppstart går me derfor nå ut med ei open utlysing. Me søker etter lærarar, barnehagelærarar og fagarbeidarar i midlertidige stillingar til dette føremålet.
Dette er ei fellesutlysing for barnehage og skule og me ber om at du i søknaden skriv kvar du ønskjer å jobba. Søknadane vert håndtert fortløpande, og intervju og tilsetting skjer dermed også fortløpande.
Arbeidsoppgåver
- Lærarane vil ha ansvar for undervisning og tilrettelegging på 1.-10. trinn
- Undervisning for vaksne i norsk og samfunnskunnskap for minoritetsspråklege vaksne elevar i samsvar med gjeldande læreplanar. Opplæring i arbeidslivskunnskap og oppfølging av elevar i språkpraksis
- Barnehagelærarane vil ha ansvaret for tilbodet i barnehage
- Fagarbeidarar vil ha sine oppgåver i skule og barnehage
Kvalifikasjonar
Det er ønskeleg med:
- Tospråkleg lærar med godkjent utdanning som meistrar ukrainsk, russisk eller polsk. Det er ein fordel om du også kan engelsk.
- 30 studiepoeng i norsk som andrespråk
- Lærar med allmennlærarutdanning, GLU 1.-7 eller 5.-10. Det er ein fordel om du har fordjuping i engelsk
- Barnehagelærar med godkjent utdanning. Det er ein fordel om du meistrar ukrainsk, russisk eller polsk
- Fagarbeider innanfor barn- og ungdomsarbeid. Det er ein fordel om du meistrar ukrainsk, russisk eller polsk
- Kjennskap til det norske utdanningssystemet
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som held hovudet kaldt og hjarta varmt, samt er god på:
- relasjonar
- samarbeid
- inkludering
- gruppe og klasseleiing
I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.
Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
31.07.2022Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4559659Se her for andre jobber fra Ål Kommune
- Oppdatert 12.04.2022