• Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    03.07.2021
  • Stillingsfunksjon
    Lærar
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3934923
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
  • Oppdatert 17.06.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sunnfjord kommune

Lærarar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Ved grunnskulane i Sunnfjord har vi ledige undervisningsstillingar frå hausten 2021. 

Vi søker etter engasjerte, inkluderande lærarar med gode kunnskapar i faga dei skal undervise i, og som tek aktivt del i profesjonsfellesskapen.
Du må vere tydelig i leiarrolla og vere god til å bygge relasjonar med elevane.
Lærarar i vår kommune er ein del av eit fagleg fellesskap som legg vekt på utvikling og læring både i og utanfor klasserommet.

Om oss

I Sunnfjord kommune er det frå hausten 15 grunnskular, frå den minste skulen med ca. 10 elevar, til den største skulen med rundt 450 elevar. I tillegg til dei 15 skulane gir eininga Vaksenopplæring og integrering opplæring i norsk, samfunnsfag og grunnskule for flyktningar og innvandrarar.

Skulane i Sunnfjord kommune har gode faglege resultat og arbeider systematisk med inkluderande skulemiljø.

Som lærar i Sunnfjord kommune forpliktar du deg til å arbeide etter våre verdiar og satsingsområde. Utviklingsarbeid i eit profesjonsfellesskap blir vektlagt i kommunen sitt faglege arbeide.

Du finn informasjon og link til dei ulike skulane sine heimesider på www.sunnfjord.kommune.no

Vi har ledig følgande stillingar

 

Førde barneskule 

Førde barneskule er ein 1 -7 skule med 260 elevar. 

Vi har følgande vikariat ledig:

  • 100 % stilling som lærar frå 1. november 2021 og ut skuleåret. Det er høve til å arbeide som vikar frå skulestart og fram til vikariatet startar.

Krav til søkar:

  • må kunne vere kontaktlærar
  • undervisningskompetanse i to eller fleire av faga: matematikk, norsk, engelsk og spesialpedagogikk

Vi har også ledig 80 % vikariat som spesialpedagog frå 1. januar og ut skuleåret. Den som vert tilsett får fagleg ansvar inn mot elevar med multihandikap. 

Halbrend skule

Halbrend skule har elevar på 6. - 10. trinn og har rundt  380 elevar. 

Vi har ledig følgande vikariat:

  • 100 % stilling som lærar frå 1. november og ut skuleåret. Fagønske er norsk, matte, engelsk og naturfag. 
  • 2 x 100 % stilling som lærar frå 1. janauar og ut skuleåret. Fagønske er norsk, engelsk og kunst og handverk.
Holsen skule

Holsen skule er ein 3- delt skulen med rundt 42 elevar. 

Vi har ledig følgande stilling:

  • ca. 50 % vikariat som lærar 
Dette gjeld for alle stillingane

 

Arbeidsoppgåver:
  • ein av verdas beste og viktigaste jobb: Undervisning!
  • arbeide med å skape eit trygt og godt skulemiljø
  • legge til rette for eit godt skule-heim samarbeid
Kvalifikasjonar:
  • godkjent lærarutdanning
  • gode kunnskapar, både fagleg og didaktisk
  • er ein tydeleg og strukturert klasseleiar/klasselærar
  • kan tilpasse opplæringa til det beste for kvar einskild elev
  • har gode kunnskapar i nynorsk og bruk av IKT
Personlege eigenskapar:
  • god til å samarbeide
  • god IKT kompetanse
  • utviklingsorientert
  • fleksibel
  • interessert i å utvikle praksisen i klasserommet i takt med samfunnsutviklinga
  • tydeleg i leiarrolla og har evne til å bygge gode relasjonar til elevane
Vi tilbyr:
  • mentorordning for nyutdanna lærarar
  • eit triveleg og godt lærings- og arbeidsmiljø
  • løn i samsvar med tariffavtale
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
  • kontaktlærartillegg kr 30 000

Det kan bli ledige stillingar ved andre skular fram mot skulestart. 

Aktuelle søkarar vert kalla inn til intervju. Politiattest må leverast før start i stilling. 

Søknad

Du må søke elektronisk og prioritere kva for skule du søker på. 

Legg ved (last opp) vitnemål og attestar. 


Vi ser fram til å høyre frå deg!

 

 

 

 

  • Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    03.07.2021
  • Stillingsfunksjon
    Lærar
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3934923
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
  • Oppdatert 17.06.2021