• Bedrift
    Austevoll kommune
  • Søknadsfrist
    25.04.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5392, STOREBØ
    AUSTEVOLL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2842414
  • Se her for andre jobber fra Austevoll kommune
  • Oppdatert 26.03.2020
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Austevoll kommune

Lærar - inntil 2 vikariat

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kommunalområdet Oppvekst er ei eining med omlag 145 tilsette, og blir leia av kommunalsjefen. I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø skule, Selbjørn skule, private barnehagar, PPT-kontor, helsestasjon, barnevern, vaksenopplæring, kulturskule og bibliotek. Oppvekst har som mål å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, difor er folkehelse og livsmeistring eit av fleire satsingsområde.

Arbeidsstad

Storebø skule skal vere ein god stad å vere og ein god stad å læra. Skulen er ein Trivselsleiarskule kor vi har fokus på aktiv undervisning og uteskule. Skulen er den største barneskulen i Austevoll med rundt 300 elevar og ca. 50 tilsette. Skulen er plassert midt på Storebø, kommunesenteret i Austevoll kommune. Skulen er rehabilitert med nye klasserom, oppgradert uteområde og læraravdeling. Vi har felles skulelunsj ordning for 5-7. trinn i elevkantine.

Inntil 2 vikariat er ledige i perioden 01.08.2020 - 31.07.2021 med moglegheit for fast stilling. 

Ansvars- og arbeidsoppgåver

  • undervisning
  • kontaktlærarfunksjon

 Kvalifikasjonar

  • godkjent lærarutdanning
  • kunnskapar om og evner til god klasseleiing
  • gode samarbeidsevner
  • at du er strukturert, sjølvstendig og fleksibel
  • ønskeleg med erfaring som kontaktlærar

Dersom det ikkje melder seg søkjarar med godkjent lærarutdanning, kan det vere aktuelt å tilsette kandidatar med annan relevant kompetanse og erfaring innan arbeidsfeltet.

 Vi tilbyr:

  • Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
  • Spanande utfordringar
  • Løn etter kvalifikasjonar, kommunen har eit rekrutteringstillegg for lærarar på 12 300 kr pr år, kontaktlærartillegget er kr 24 000 kr pr år.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

 

  • Bedrift
    Austevoll kommune
  • Søknadsfrist
    25.04.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5392, STOREBØ
    AUSTEVOLL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2842414
  • Se her for andre jobber fra Austevoll kommune
  • Oppdatert 26.03.2020