• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    27.09.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Skogsvåg
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4763534
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 14.09.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Lærar for innføringsklasse - 100% mellombels stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Øygarden kommune har i fleire år hatt innføringsklassar ved Knappskog skule og Tranevågen Ungdomsskule. Kommunen har teke imot fleire flyktningar siste tida, og skal i denne samanheng starte opp innføringsklasse ved Skogsvåg skule.

I den anledning søkjer kommunen etter pedagog som kan undervise i innføringsklassen på Skogsvåg skule.

Skulane i Øygarden arbeider målretta for å skape skulekvardagar der elevane opplever meistring og lærelyst, - og samstundes ruste dei til å møta framtidas utfordringar. Utvikling av lærelyst legg til grunn livslang læring. Oppleving av meistring gjev mot til å gå laus på stadig nye utfordringar, fagleg og sosialt.

Dei næraste åra vil Fagfornyinga stå sentralt. Skulane i Øygarden er vi derfor spesielt oppteke av utviklingsområde knytt til vurderingspraksis, djupnelæring, elevinvolvering og inkluderande læringsfellesskap.

Stillinga er mellombels frå snarast og ut skuleåret (31.07.2023).

Arbeidsoppgåver

  • Undervisning for innføringsklassen på Skogsvåg skule


Kvalifikasjonar

  • Grunnskulelærarutdanning for 1. - 7. trinn
  • Allmennlærarutdanning 1. - 10. trinn
  • Utdanning i andrespråkspedagogikk
  • Bachelorutdanning innan relevant fagområde
  • Annan godkjent lærarutdanning
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Kompetanse i -og erfaring med digital undervisning


Krav til pedagogisk utdanning for tilsetting og undervisning følgjer forskrift til opplæringslova kapittel 14.

Vi ønskjer oss lærarar som

  • Har eit positivt elevsyn og er oppteken av barn og unges læring og utvikling
  • Vil bidra til eit godt læringsmiljø
  • Har erfaring i å arbeide med born som har norsk som andrespråk
  • Har erfaring i å møte born, og føresette i ein særskilt livssituasjon
  • Bruker IKT som et naturleg verktøy i undervisninga, i samarbeid med kollegaer og føresette
  • Er gode klasseleiarar
  • Er fleksible og har gode samarbeidsevne
  • Vil bidra til eit godt arbeidsmiljø, både fagleg og sosialt

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    27.09.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Skogsvåg
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4763534
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 14.09.2022