Bedrift
Gulen kommuneSøknadsfrist
15.08.2022Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5966, EIVINDVIK
GULEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4665070Se her for andre jobber fra Gulen kommune
- Oppdatert 02.07.2022
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Gulen kommune
Lærar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Skulen ved Brekke barnehage og skule har 60 elevar i 1. -10. klasse. Sjå www.brekke.skule.no for meir informasjon, planar, bilete osv. Gulen kommune har ledig inntil 100% fast stilling som lærar frå 01.08.22. Sidan dette er 2. gangs utlysing, vil tilsetjing skje fortløpande ved aktuell søkjar.
Skulane i Gulen har:
- Gode læringsresultat
- Relativt små klassar - ein ideell arbeidsstad for nyutdanna lærarar
- Godt arbeidsmiljø
- Tilbod om rettleiing
- Fokus på fagleg utvikling i skulane, der idear og innspel både frå nyutdanna lærarar og erfarne lærarar vert sett på som viktige ressurar
Arbeidsoppgåver/kompetansekrav
Dei fire skulane i Gulen er relativt små 1-10-skular, der dei ulike klassetrinna vekslar på å ha undervisning aleine og saman med andre klassetrinn. For å få dekka all undervisning ved skulane, er vi derfor avhengig av at dei faste lærarane har undervisningskompetanse i fleire fag. Ved tilsetjing vil vi vurdere kompetansen hos søkjarane knytt opp mot den samla kompetansen og behovet i eininga. Vi søkjer derfor etter lærarar som har breid undervisningskompetanse, der vi søkjer særskild etter undervisningspersonell som har fag som
- Matematikk
- Norsk
Av andre fag som er aktuelle er kunst- og handverk og spansk interessant.
Undervisning i norsk og matematikk vil føregå på småskulen. Kunst og handverk på fleire klassar frå 1. -10. kasse, og spansk på ungdomstrinnet. Skulen bruker digitale verktøy aktivt, og det er ein føresetnad at du har kjennskap til slike verktøy.
Personlege eigenskapar
- Trivst, kommuniserer og samhandlar godt med borna, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
- Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø for både born og vaksne
- Er fleksibel, reflektert, kreativ og har gode samarbeidsevner
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Bedrift
Gulen kommuneSøknadsfrist
15.08.2022Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5966, EIVINDVIK
GULEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4665070Se her for andre jobber fra Gulen kommune
- Oppdatert 02.07.2022