Bedrift
Gulen kommuneSøknadsfrist
29.05.2022Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5966, EIVINDVIK
GULEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4621570Se her for andre jobber fra Gulen kommune
- Oppdatert 14.05.2022
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Gulen kommune
Lærar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Skulen ved Brekke barnehage og skule har 60 elevar i 1. -10. klasse. Sjå www.brekke.skule.no for meir informasjon, planar, bilete osv. Gulen kommune har ledig inntil 70% fast stilling som lærar frå 01.08.22
Skulane i Gulen har:
- Gode læringsresultat
- Relativt små klassar - ein ideell arbeidsstad for nyutdanna lærarar
- Godt arbeidsmiljø
- Tilbod om rettleiing
- Fokus på fagleg utvikling i skulane, der idear og innspel både frå nyutdanna lærarar og erfarne lærarar vert sett på som viktige ressurar
Arbeidsoppgåver/kompetansekrav
Dei fire skulane i Gulen er relativt små 1-10-skular, der dei ulike klassetrinna vekslar på å ha undervisning aleine og saman med andre klassetrinn. For å få dekka all undervisning ved skulane, er vi derfor avhengig av at dei faste lærarane har undervisningskompetanse i fleire fag. Ved tilsetjing vil vi vurdere kompetansen hos søkjarane knytt opp mot den samla kompetansen og behovet i eininga. Vi søkjer derfor etter lærarar som har breid undervisningskompetanse, der aktuelle undervisiningsfag for tida er mellom anna:
- Framandspråk, gjerne spansk
- Kunst og handverk
- Matematikk
- Norsk
Det kan også verte aktuelt med undervisning i andre fag.
Undervisning i norsk og matematikk vil føregå på småskulen, kunst og handverk på alle trinn, og framandspråk på ungdomstrinnet. Skulen bruker digitale verktøy aktivt, og det er ein føresetnad at du har kjennskap til slike verktøy.
Personlege eigenskapar
- Trivst, kommuniserer og samhandlar godt med borna, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
- Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø for både born og vaksne
- Er fleksibel, reflektert, kreativ og har gode samarbeidsevner
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Bedrift
Gulen kommuneSøknadsfrist
29.05.2022Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5966, EIVINDVIK
GULEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4621570Se her for andre jobber fra Gulen kommune
- Oppdatert 14.05.2022