• Bedrift
    Austevoll kommune
  • Søknadsfrist
    17.05.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5392, STOREBØ
    AUSTEVOLL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3805807
  • Se her for andre jobber fra Austevoll kommune
  • Oppdatert 07.05.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Austevoll kommune

Lærar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kommunalområdet Oppvekst er ei eining med omlag 145 tilsette, og blir leia av kommunalsjefen. I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø barneskule, Selbjørn barneskule,, privat barneskule, private barnehagar, PP-tenesta, helsestasjon, barnevern, vaksenopplæring, kulturskule, kultur og bibliotek. Oppvekst har som mål å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, difor er folkehelse og livsmeistring eit av fleire satsingsområde. 

Arbeidsstad

Austevoll ungdomsskule er ein MOT-skule og deltar i tilleggsprogrammet «Skulen som samfunnsbyggar.» Skulen legg vekt på eit godt samarbeid og evner til å skape gode relasjonar til elevar og tilsette. Vi utviklar robuste ungdommar som inkluderer alle, og skulen deltek i satsinga «inkluderande skulemiljø» i regi av Utdanningsdirektoratet. Skulen har ca 205 elevar fordelt på 8.-10.trinn. Skulen held til i nye flotte lokalar på Eidsbøen, like ved kommunesenteret Storebø. 

Tidsrom
Vi har ledig inntil 100 % vikariat som lærar frå 01.08.2021 - 31.07.2022

Ansvars- og arbeidsoppgåver

  • Undervisning
  • Ev kontaktlærarfunksjon
  • Skule/heim samarbeid
  • Bidra til å skapa eit godt skulemiljø
  • Delta i skulen sitt utviklingsarbeid

Kvalifikasjonar

  • godkjent pedagogisk lærarutdanning
  • lærarar med utdanning innanfor basisfaget matematikk
  • det er også behov for fagkompetanse i naturfag, spesialpedagogikk og kunst- og handverk
  • erfaring frå undervisning for  8.-10. klassetrinn er ønskjeleg
  • at du er strukturert, sjølvstendig, fleksibel, løysingsorientert og tar aktivt  del i team- og utviklingsarbeid
  • at du har gode kommunikasjons-  og samarbeidsevner, har pedagogisk engasjement og evne til nytenking
  • at du er ein tydeleg og god klasseleiar og har god IKT-kompetanse

Gyldig politiattest vil bli kravd ved tilsetjing. Politiattesten skal ikkje leggjast ved søknaden, men visast fram før tilsetjing.

Vi tilbyr:

  • Moglegheit for fagleg utvikling i eit  godt og  positivt fagmiljø
  • Spanande utfordringar
  • Løn etter kvalifikasjonar, kommunen har eit rekrutteringstillegg for lærarar på 12 300 kr pr år, kontaktlærartillegget er kr 24 000 kr pr år.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 For å betre kjønnsbalansen på arbeidsplassen vil vi oppmode menn til å søke

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

 

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

 

  • Bedrift
    Austevoll kommune
  • Søknadsfrist
    17.05.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5392, STOREBØ
    AUSTEVOLL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3805807
  • Se her for andre jobber fra Austevoll kommune
  • Oppdatert 07.05.2021