• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    22.01.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4945233
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 09.01.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Lærar - 100% fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

 Ved Meland ungdomsskule er det frå 01.04.23 ledig ei undervisningsstilling.

Om Meland ungdomsskule

Meland ungdomsskule ligg sentralt på Frekhaug, med kort avstand til Bergen og eit godt kollektivtilbod. Buss og hurtigbåt stoppar rett ved skulen.
Vi er ein skule med lange og gode tradisjonar, med vakker utsikt over fjorden og naturen tett inn på skuleområdet.
Skulen har om lag 200 elevar og 35 tilsette. Skulen er ein MOT-skule og vi har som overordna mål å skape ein trygg og god skulekvardag for alle elevane våre.
Vi har som mål å bli ein dysleksivenleg skule. Inkluderande undervisning er eit viktig satsingsområde for oss.

Arbeidsoppgåver
Til stillinga ligg primært undervisning i språkfaga tysk og engelsk. Undervisninga er lagt til alle trinna.
Planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning og læringsarbeid.
Bidra i skulens utviklingsarbeid.

Kompetanse
Undervisningskompetanse i språkfaga tysk og engelsk.
Godkjent pedagogisk lærarutdanning.
Kompetanse eller erfaring frå særskilt norskopplæring er ønskeleg.
God kompetanse innan klasse- og læringsleiing.
God digital kompetanse.
Undervisningserfaring i faga tysk og engelsk.
Gode munnlege og skriftlege ferdigheitar.

Ønskt kompetanse

Vi ønskjer ein lærar som sjølv i ein hektisk kvardag evner å møte kvar einskild elev og medarbeidar med respekt og forståing. Vi ønskjer deg som framstår som ein tydeleg og engasjert rollemodell og trygg klasseleiar. Du er opptatt av å skape gode relasjonar til elevar, tilsette og føresette. Vi ønskjer deg som beherskar klasseleiing, brenn for faga dine og er engasjert i elevane. Du er tett på elevane si læring og utvikling, og du søker heile tida å auke elevane sitt læringsutbytte. Du ser kvar enkelt elev og jobbar for at han skal nå sine eigne læringsmål.

Den som blir tilsett må kunne vise sjølvstende, vere positiv, lojal, løysings- og resultatorientert og ha gode samarbeidsevner. Det forventast at alle tilsette er engasjerte i skulen sitt pedagogiske utviklingsarbeid og bidrar til eit godt arbeidsmiljø.

Det er ønskjeleg med erfaring frå undervisning i dei aktuelle faga.

Godt humør og evne til å le er eigenskapar vi sett høgt på skulen vår.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i rekrutteringsprosessen.

Vi tilbyr

 - Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med dyktige, inkluderande og rause medarbeidarar med mykje arbeidsglede.
- Ei spennande stilling med varierte utfordringar og givande oppgåver.
- Eit stabilt og hyggeleg personale som vil ta godt imot deg.
- Fagleg dyktige medarbeidar i eit kompetent profesjonsfelleskap.
- Ein flokk med flott og ivrig ungdom som bidrar til eit framifrå skulemiljø.
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling, og god oppfølging av nytilsette.
- Alver kommune er ei IA-bedrift.
- Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk

Politiattest

Ved tilsetjing må søkjar kunne framvise politiattest av nyare dato, dette i samsvar med opplæringslova.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt. 

 

Bli kjent med Alver kommune

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    22.01.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4945233
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 09.01.2023