Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Ullensvang Kyrkjelege fellesråd

KYRKJEVERJA

Religion og livssyn

Ullensvang ligg flott til med hovudkontor i Odda. Det er 2,5 timar til Bergen og 2 timar til Haugesund. I nær tilknyting ligg flotte fjell og turområde til Trolltunga og Dronningstien og med Røldal som ein stor vintersportsstad. Det er eit rikt kulturliv i kommunen og kyrkja har eit godt samarbeid med mange partar. Ullensvang kyrkjelege fellesråd er eit nytt fellesråd frå 01.01.20 og kommunen har om lag 11.500 innbyggjarar. Fellesrådet driftar 8 flotte kyrkjer med eit breitt spekter av bygningar frå Røldal stavkyrkje som er ei pilegrimskyrkje, til 2 mellomalderkyrkjer i stein og 5 kyrkjer i tre med kvar sine unike eigenskapar.
Fellesrådet driftar krematorium og 8 kyrkjegardar for alle innbyggjarane i kommunen. Administrasjonen har 3,5 årsverk medrekna kyrkjeverja, og det er tilsett 5 organistar i ulike stillingsstorleikar. Me har tilsett barne- og ungdomsarbeidar og er i rekrutteringsfase for diakon, barne- og ungdomsarbeidar og kyrkjetenar/kyrkjegardsarbeidar. Det er 8 personar tilsett som kyrkjetenar eller kyrkjetenar/kyrkjegardsarbeidar i til saman 5 årsverk og me har tenesteytingsavtale med Ullensvang kommune. 5 sokneprestar er knytt til fellesrådet sitt område der 2 har kontor i Odda. Me søkjer ein god leiar som ønskjer eit stort og spennande arbeidsfelt i lag med mange dyktige tilsette.

KYRKJEVERJA 100% STILLING - Ledig frå 14. september 2020

Arbeidsoppgåver
• Dagleg leiar for fellesrådet si verksemd
• Personalansvar for dei tilsette i fellesrådet
• Ansvar for utvikling av eit godt arbeidsmiljø
• Ansvar for planlegging og økonomistyring
• Ansvar for drift og vedlikehald av kyrkjebygg, kyrkjegardar/gravplassar og krematorium
• Sekretær og sakshandsamar for fellesråd og utval
• Ha god kontakt med offentlege myndigheiter og andre samarbeidspartnarar

Kvalifikasjonar
• Leiarerfaring og god økonomi- og IKT-kunnskap
• Relevant universitets-/høgskuleutdanning, gjerne innan økonomi og leiing, - eventuelt relevant erfaring
• Evne til å kunna arbeida målretta og systematisk
• God innsikt, interesse og engasjement for kyrkjeleg verksemd, og kjennskap til Den norske kyrkja som organisasjon
• God kjennskap til offentleg forvaltning
• Medlemskap i Den norske kyrkja

Personlege eigenskapar
• Det vil verta lagt stor vekt på at søkjar er personleg eigna
• Søkjar må ha gode evner til kommunikasjon og samarbeid som kan byggja relasjonar internt og eksternt
• Søkjar må vera fleksibel og kunna møta utfordringar

Følgjande vert tilbydd
• Vi tilbyr ein interessant og utfordrande stilling
• Kontorfellesskap med andre tilsette
• Løn etter avtale. Tilsetjing og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og avtalar innan KA sitt tariffområde. Pensjonsordning i KLP

Anna
Den som vert tilsett må leggja fram tilfredsstillande politiattest i medhald av kyrkjelova § 29.
Søkjar må kunna nytta eigen bil i tenesta.

Kontaktinformasjon
Gerd Rosten Bu, fungerande kyrkjeverje, 971 69 904 gerd.bu@ullensvang.kyrkjer.no
Lars Seim, fellesrådsleiar, 909 62 584, larsoseim57@gmail.com

Søknadsfrist:24.08.2020