• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    28.09.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Natt
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4766540
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 15.09.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Kvilande nattevakt 37% fast – Blombakkane Bustader

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 38 500 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar.
Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Om avdelinga:

Blombakkane bustader yter heildøgns omsorgstenestar til 9 personar med psykisk utviklingshemming og ulike bistandsbehov. Blombakkane bustader ligg sentralt på Straume med gangavstand frå Straume bussterminal. Vi har som målsetting å bidra til at den enkelte bebuar har ein aktiv og meiningsfull kvardag, kor trivsel, sjølvbestemmelse, tillitsskapande arbeid og meistring tilleggas stor vekt. Vi er ein flott og tverrfagleg  samansett personalgruppe beståande av vernepleiar, sjukepleiar, miljøterapeutar, helsefagarbeidarar og assistentar. Årsturnus med arbeid kvar tredje helg. For kvilande nattevakt vil vaktstart være kl. 21.45 og vaktslutt kl 07.30 som passer godt med tanke på å kombinere med skole/studiar.

Arbeidsoppgåver:

  • Observasjon, rettleiing, motivering, gjennomføring og evaluering av tiltak tilpassa aktuelle bebuarar
  • Omsorg og miljøarbeid i tenesta til den enkelte
  • Dokumentasjon

 

Kvalifikasjonar: 

Må ha:

  • Erfaring frå liknande arbeid
  • Minimum 18 år
  • Personleg eigna blir vektlagt.

Ønskjeleg med:

  • Fagbrev innan helsefagleg vidaregåande opplæring.
  • Studentar i relevant utdanningsforløp
  • Andre med erfaring frå arbeid med målgruppa kan bli vurdert om det ikkje er andre kvalifiserte søkjarar

Personlege eigenskapar:

  • Trygg
  • Løysingsorientert
  • Fleksibel
  • Strukturert

 

Anna: Ledig frå 22.11.22.

 

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Kontakt:

Avdelingsleiar: Ninni Ludvigsen, telefon: 55096825/30 el. 93632982

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    28.09.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Natt
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4766540
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 15.09.2022