Send Søknad

Detaljer

  • Søknadsfrist
    Snarest
  • Bedrift
    VOSS FIBER AS
  • Sted:
    VOSS
  • Type arbeid:
    Rådgiver
  • Stillingstype:
    Deltid
  • Antall stillinger:
    4
  • Bransje:
    IT, telekommunikasjon og internett
  • Utdanningskrav:
    Ønskelig
  • Arbeidserfaring:
    Ikke påkrevet
  • Ønsket Språk:
    Norsk
  • Fylke:
    HORDALAND
  • Arbeidssted:
    Voss
  • Land:
    Norge
  • karriere-kode:
    1415752

KUNDESENTER-MEDARBEIDARAR

Voss Fiber er Voss sin største fiberleverandør med over 3000 kundar i privat og bedriftsmarknaden i Voss kommune. Me leverer internett, byggjer og driftar fibernett og leverer tv som Get-partner. Sidan starten i 2013 har me hatt stor vekst, og i dag er me 6 tilsette med kontor på Voss. Voss Fiber er eit dotterselskap av Voss Energi.

Kundesentermedarbeidarar - kveld, helg og feriar
Til vårt kundesenter på Voss søkjer me motiverte og læringsvillige kundehandsamarar som ynsker å gje kunden ei god oppleving gjennom service og meirsalg. Stillingane er fleksible og passar derfor godt til studentar og skuleelevar.. Som kundehandsamar - deltid må det også kunne påreknast jobb i feriar og høgtider. Etter opplæring kan det vera mogleg å jobba heimefrå i periodar.

Dine arbeidsoppgåver:

  • Svara på innkommande kundehenvendingar på telefon, epost og chat via vårt kundesystem
  • Hjelpa privatkundar med alle henvendingar i tilknytning deira internett eller TV-abonnement.
  • Aktivt meirsalg av Voss Fiber sine abonnement og tenester.


Du får:

  • Konkurransedyktig timelønn
  • Grundig opplæring og tett oppfølging
  • Moglegheit for personlig og faglig utvikling


Du er:

  • Imøtekommande og likar å hjelpa andre, og har god teknisk forståelse.
  • Motivert (og ynskjer å lykkast med sal og service)
  • Fleksibel, og trivast med å jobba sjølvstendig
  • Resultat- og målbevisst
  • Nøyaktig og opptatt av å levera kvalitet i dine svar og løysningar.


Kvalifikasjonar:

  • Du har gode kommunikasjonsevner både skriftleg og munnleg.
  • Du trivst med å snakka med menneske og samtidig bruka PC som arbeidsverktøy.
  • Kan enkelt identifisere og forstå kunden sine behov, og kommunisera ei løysing.
  • Erfaring frå kundeservice og/eller salg er ein fordel.


Arbeidstid:

Aktuelle arbeidstider er 1530 - 2100 kvardagar, 10-16 laurdagar og 12-15 søndagar. Du vil inngå i ei vaktordning, og det kan påreknast 1-2 vaktar pr veke. Det må også kunne påreknast jobb i feriar og høgtider.


Høyres dette spennande ut?

Då ser me fram til å høyra frå deg! Søknad med CV sender du tll johannes.rongve@vossfiber.no. Me evaluerer kandidatar fortløpende til stillingane. Søknadsfrist snarast.

Om arbeidsgiveren

Voss Fiber er Voss sin største fiberleverandør, med over 3000 kundar i privat- og bedriftsmarknaden i Voss kommune. Me byggjer og drifter fibernett, og leverar internett over eigen internettaksess, og tv som Get-partner. Sidan starten i 2013 har me hatt stor vekst, og i dag er me 6 tilsette med kontor på Voss.

Voss Fiber er eit dotterselskap av Voss Energi. Du kan lesa meir om oss på våre nettsider, www.vossfiber.no