• Bedrift
    Tokke kommune
  • Søknadsfrist
    05.06.2019
  • Stillingsfunksjon
    Lederstilling
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Påkrevet
  • Adresse
    3880, DALEN
    TOKKE
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    1764643
  • Se her for andre jobber fra Tokke kommune
  • Oppdatert 16.05.2019
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Tokke kommune

Kulturskulerektor

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Tokke kommune ligg i Vest–Telemark og har om lag 2200 innbyggarar. Her er ein fantastisk vakker natur som vekslar frå lågland med fjord, elvar og innsjøar med marina, brygger og badeviker og til høgfjell med stille fjellvatn og viddelandskap. Her kan du bruke naturen både sumar og vinter. Spreidd busetnad med mange bygder og grender tek vare på kultur og tradisjonar. Samstundes har kommunen eit rikt og variert næringsliv som er med på å gjere kommunen til ein attraktiv arbeidsplass og ein flott stad å bu. Kommunen har desentralisert tilbod når det gjeld skular og barnehagar. Dalen som ligg ved enden av Bandakkanalen er kommunesenter. Her finn du også vidaregåande skule, idrottshall, idrottsanlegg, ei av mange ljosløyper i kommunen, nytt og moderne kulturhus med mellom anna kino, symjehall og eit særs moderne bibliotek.

Kulturskulerektor i 100 % fast stilling, ID 629

Stillingsomtale:

100 % fast stilling som kulturskulerektor i Tokke kommune er ledig frå 01.08.19. Kulturskulen er ein del av oppvekst-, kultur og idrettsetaten i Tokke kommune. Undervisninga er innafor musikkfaga, dans og visuell kunst. Me tilbyr dirigenttenester til kor og korps, samt korpsundervisning i skuletida. Kulturskulen er aktiv i ulike lokale samarbeids - og utviklingsprosjekter i skule, barnehage og kulturliv.

Tokke kulturskule har omlag 5 årsverk.
Me er inne i ein spanande utviklingsfase der arbeidet med den nye rammeplanen er i gang.

Arbeidsoppgåver

  • Fagleg, pedagogisk og administrativ leiing av Tokke kulturskule
  • Ansvar for blant anna UKM, den kulturelle skulesekken/spaserstokken/bæremeisa
  • Saksbehandling, personal- og økonomioppfølging
  • Utvikling av kulturskulen og kulturskulen sitt tilbod
  • Samarbeid med profesjonelle kulturaktørar og frivillige organisasjonar
  • Koordinering av arrangement på Tokke kulturhus
  • Undervisning
  • Andre arbeidsoppgåver kan bli lagt til stillinga

Kvalifikasjonar

  • Minimum 3-års relevant høgskuleutdanning
  • God fagleg kunnskap om kulturskuleområdet
  • Relevant leiarerfaring eller utdanning
  • Erfaring frå saksbehandling og administrativt arbeid
  • Erfaring frå arbeid med kunst og kultur, barn og ungdom.
  • Gode kommunikasjonsevne både skriftleg og munnleg
  • Generelt gode IKT kompetanse

Personlige eigenskapar

  • Jobbe sjølvstendig, er kreativ og utviklingorientert.
  • Gode samarbeidseigenskaper, fleksibel og nytenkande
  • Den som blir tilsett må kunne disponere bil i tenesta

Vi tilbyr

  • Lønns- og arbeidsvilkår etter gjeldene lover, regler og avtaler
  • Pensjonsordning
  • Spennande, varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer

Nærare opplysningar om stillinga får de ved å kontakte oppvekst- og kultursjef, Finn Arne Askje, mob.: 95 07 66 37 eller e-post: finn.arne.askje@tokke.kommune.no

Søknad skal sendast på elektronisk skjema HER.

Søknadsfrist 5. juni 2019

Velkomen som søkar!

 

  • Bedrift
    Tokke kommune
  • Søknadsfrist
    05.06.2019
  • Stillingsfunksjon
    Lederstilling
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Påkrevet
  • Adresse
    3880, DALEN
    TOKKE
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    1764643
  • Se her for andre jobber fra Tokke kommune
  • Oppdatert 16.05.2019