• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    11.06.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2947860
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 27.05.2020
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Kulturskulelærar - fast 45 %

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Avdeling

Kulturskulen i Alver er ein svært viktig del av kulturlivet i kommunen. Kulturskulen tilbyr undervisning innan kunstformane musikk, teater, dans og visuell kunst. Undervisninga er desentralisert, men med hovudvekt av undervisninga på kulturskulesentra på Manger, Frekhaug og i Knarvik.

Kort om stillinga

Frå 01.08.2020 er følgjande undervisningsstilling ledig i kulturskulen: Pianolærar 45%

Den som får tilbod om stillinga vert tilsett i Alver kommune, med tenestestad Alver kulturskule. Dersom det vert endring av elevgrunnlag eller personalsamansetjing ved skulen må evt. endring av undervisningsstad og stillingsinnhald kunne påreknast. Han/ho som blir tilsett har ôg plikt til oppmøte på stabs- og planleggingsmøta i kulturskulen som ein del av stillinga, talet møte vert rekna ut etter stillingsstorleik.

 Søkjar må levere gyldig politiattest.

Arbeidsoppgåver

  • Undervisning av einskildelevar, prosjekt i grupper og samspel i tillegg til samarbeid med andre kulturskuledisiplinar og lokalt lagsliv.
  • Tilrettelegging og utarbeiding av planar, møteverksemd og samarbeid med kulturskuleadministrasjonen.
  • Undervisninga finn stad etter grunnskulen sin undervisningsdag.

Ønska kompetanse

Relevant kulturfagleg og pedagogisk høgskuleutdanning og relevant erfaring. Søkjarar med relevant erfaring, men utan formell kompetanse kan og søkje. Personlege eigenskapar som engasjement og initiativ, og glede i å undervise born og unge vert vektlagt.

Vi tilbyr

Lønn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk.

Søknad

Send søknad sendt via heimesida vår . Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknaden, kontakt HR-rådgivar Hilde Kleivdal på e-post. hilde.kleivdal@

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    11.06.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2947860
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 27.05.2020