Bedrift
Alver kommuneSøknadsfrist
11.06.2020Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
2947858Se her for andre jobber fra Alver kommune
- Oppdatert 27.05.2020
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Alver kommune
Kulturskulelærar - årsvikariat i 23%
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Avdeling
Kulturskulen i Alver er ein svært viktig del av kulturlivet i kommunen. Kulturskulen tilbyr undervisning innan kunstformane musikk, teater, dans og visuell kunst. Undervisninga er desentralisert, men med hovudvekt av undervisninga på kulturskulesentra på Manger, Frekhaug og i Knarvik.
Kort om stillinga
Frå 01.08.2020 – 30.06.2021 er følgjande undervisningsstilling ledig i kulturskulen:
Musikkterapeut eller -pedagog for elevar som treng tilpassa opplæring 23% (årsvikariat)
Undervisningsdag: tysdag
Du som får tilbod om stillinga vert tilsett i Alver kommune, med tenestestad Alver kulturskule. Dersom det vert endring av elevgrunnlag eller personalsamansetjing ved skulen må evt. endring av undervisningsstad og stillingsinnhald kunne påreknast. Han/ho som blir tilsett har ôg plikt til oppmøte på stabs- og planleggingsmøta i kulturskulen som ein del av stillinga, talet møte vert rekna ut etter stillingsstorleik.
Søkjar må levere gyldig politiattest.
Arbeidsoppgåver
- Undervisning av einskildelevar og grupper/samspel i tillegg til samarbeid med andre kulturskuledisiplinar og lokalt lagsliv.
- Tilrettelegging og utarbeiding av planar, møteverksemd og samarbeid med kulturskuleadministrasjonen.
- Undervisninga finn stad etter grunnskulen sin undervisningsdag.
Ønska kompetanse
Relevant kulturfagleg og pedagogisk høgskuleutdanning og relevant erfaring. Søkjarar med relevant erfaring, men utan formell kompetanse kan og søkje.
Personlege eigenskapar som engasjement og initiativ, og glede i å undervise born og unge vert vektlagt.
Vi tilbyr
Lønn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk.
Søknad
Send søknad sendt via heimesida vår . Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknaden, kontakt personalavdelinga v/ Hilde Kleivdal hilde.kleivdal@alver.kommune.no
Bedrift
Alver kommuneSøknadsfrist
11.06.2020Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
2947858Se her for andre jobber fra Alver kommune
- Oppdatert 27.05.2020