• Bedrift
    Fjaler kommune
  • Søknadsfrist
    19.04.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2859527
  • Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
  • Oppdatert 03.04.2020
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Fjaler kommune

Koordinator for arbeid med rus i helse og omsorg

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Til ei nyoppretta fast stilling som ruskoordinator i Fjaler kommune, ser vi no etter ein tilsett som kan bygge opp og koordinere tenestene våre i rusomsorga. Vi søkjer ein engasjert og raus person, som i møte med den som treng tenestene har salutogenese og empowerment i fokus.

Vår nye ruskoordinator ser moglegheiter i staden for avgrensningar i arbeidet sitt. Tenkjer du at dette kan vere den rette moglegheita for deg? Då håper vi at du vil sende oss ein søknad. 

Som ruskoordinator hos oss vil du vere ein del av avdeling for psykisk helse, og jobbe tett saman med dei andre helsetenestene. Du vil få jobbe med både koordinering av tenestene og direkte mot brukarane våre. I praksis vil du jobbe 60 % som ruskoordinator og dei resterande 40 % innan psykisk helsearbeid. Du vil i turnus primært ha dagvakter med maksimalt ei seinvakt i veka. I tillegg kjem arbeid kvar 4 helg på dagtid. 

Vi er klare for å ta i mot vår nye ruskoordinator frå midten av august, og håper på oppstart seinast i løpet av september. 

Har du spørsmål om stillinga må du gjerne ta kontakt. 

Arbeidsoppgåver

  • Vere aktivt oppsøkande og arbeide direkte mot personar som treng tenestene
  • Utarbeide samarbeidslinjer og prosedyrar for Fjaler kommune sitt rusarbeid
  • Jobbe tverrfagleg i samarbeid med andre tenester som oppvekst, helse – og sosialtenesta, politi m.m.
  • Samarbeide med spesialisthelsetenesta gjennom pakkeforløp for psykisk helse og rus

Kvalifikasjonar

  • Minimum 3 årig helse- og sosialfagleg utdanning
  • Ynskje om vidareutdanning innan rus og/eller erfaring innan rusarbeid
  • Den som vert tilsett må legge fram godkjend politi- og tuberkulinattest før tiltreding

Personlege eigenskapar

  • Engasjert
  • Raus
  • Strukturert
  • God på samarbeid

Vi tilbyr

  • Ein variert arbeidskvardag med meiningsfulle oppgåver
  • Løn etter utdanning og erfaring
  • Gode pensjons- og arbeidsvilkår
  • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige og hyggelege kollegaer

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.

 

  • Bedrift
    Fjaler kommune
  • Søknadsfrist
    19.04.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2859527
  • Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
  • Oppdatert 03.04.2020