Bedrift
Alver kommuneSøknadsfrist
08.06.2021Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3806791Se her for andre jobber fra Alver kommune
- Oppdatert 25.05.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Alver kommune
Koordinator - 100 % fast
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Kort om stillinga
Frå 01.08.2021 har vi ledig 100 % fast stilling som koordinator ved Ambulerande tenester. Du skal vere koordinator for støttekontakttenesta/Individuell plan.
Om habiliteringstenesta
Habiliteringsteneste i Alver kommune gjev tenester til personar med nedsett funksjonsevne. Tenestene vert gjeve som tenester i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetssenter og ulike formar for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg. Inn under habiliteringstenester fin ein også støttekontaktteneste og koordinator for individuell plan.
Stillinga er ved Ambulerande tenester som har kontor på Frekhaug.
Arbeidsoppgåver
Stillinga har to hovudoppgåver. Den eine er å koordinere tenestetilbodet til personar med behov for langvarig og koordinerte tenester, å utarbeide individuelle planar, samt å sikre naudsynt oppfølging og framdrift av planane. Den andre er å arbeide med rekruttering, igangsetjing og følgje opp støttekontakttenesta, samt å rettleie støttekontaktar.
Du vil samarbeide med andre koordinatorar, forvaltningskontoret og avdelingsleiar.
Kompetanse
Krav til kompetanse
- Offentleg godkjend vernepleiar
- Vidareutdanning innan rettleiing
- Førarkort klasse B
- Sosionomar kan og søkje
Ønskt kompetanse
- Erfaring frå arbeid med personar med nedsett funksjonsevne og/eller psykiske lidingar
- God norsk skriftleg og munnleg formidlingsevne
- God digital kompetanse
- God kommunikasjons- og relasjonskompetanse
- God i samarbeid, men og sjølvstendig
- Kjennskap til eller erfaring med Individuell Plan og Sampro
- Kjennskap til kommunale tenester, NAV og spesialisthelsetenesta
- Erfaring frå tverrfagleg samarbeid
- Fleksibel og stor arbeidskapasitet
- Evne til å prioritere mellom oppgåvene
Vi tilbyr
Løn og tilsetjing i henhold til lov og avtaleverk
Eit godt arbeids- og fagmiljø der du kan vere med og skape positive endringar for tenestemottakarar
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.
Bli kjent med Alver kommune
Bedrift
Alver kommuneSøknadsfrist
08.06.2021Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3806791Se her for andre jobber fra Alver kommune
- Oppdatert 25.05.2021