Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Hordaland fylkeskommune

Kontrollingeniørar og byggeleiarar - vedlikehald av veg og infrastruktur i Vestland

Offentlig forvaltning - Fylkeskommunale etater

Frå 2020 overtar Vestland fylkeskommune ansvaret for fylkesvegnettet i heile Vestland fylke. Vi set no saman eit spennande team av  dyktige fagfolk frå alle kantar av det nye fylket for å løyse denne viktige samfunnsoppgåva. Til saman skal vi rekruttere 100 medarbeidarar i ei rekke ulike fagfelt. Medarbeidarane vil ha arbeidsstad i Leikanger, Bergen, Førde, Odda, Voss og Nordfjordeid. Vi treng deg som har kompetanse innan vegplanlegging, prosjektering, drift og vedlikehald av veg, samt fleire fagområde. Bli med frå starten og sett ditt preg på ei ny avdeling for å gi det nye fylket gode og trygge vegar og god infrastruktur.

Seksjon for vedlikehald, drift og beredskap har ansvar for drift og vedlikehald av fylkesvegane. Driftsoppgåver er å følgje opp drifts-/elektroentreprenørane sitt arbeid og bestille tilleggsarbeid hjå desse, og syte for best mogleg framkomst på vegane. Vedlikehaldsoppgåver er bestilling og oppfølging av dekkelegging, bru/kaivedlikehald, tunneloppgradering og andre vedlikehaldsoppgåver. Dei viktigaste oppgåvene er planlegging av arbeid, utarbeiding av grunnlag for budsjettsøknader, oppfølging av entreprenør og økonomioppfølging innan tildelte midlar.

Stillingar og arbeidsoppgåver

Kontrollingeniør vedlikehald og kontrollingeniør tunnel

2 stillingar på Leikanger, Førde eller Eid, 2 stillingar i Bergen, Odda eller Voss. 

Næraste leiar for Leikanger/Førde/Eid er Jorunn Hillestad Sekse, Næraste leiar Bergen Odda Voss er Åsmund A Sekse 

  • Utføre kontroll og oppfølging av kontraktsarbeid med fokus på teknisk kvalitet, SHA, mengdekontroll og måloppnåing
  • Utarbeiding av kontrollplanar
  • Gjennomgang og kontroll av entreprenørens gjennomføring av kontrakten
  • Kvalitets- og kostnadskontroll
  • Oppfølging av HMS ute på anlegget
  • Kontroll av dokumentasjon, samt å føre resultat  i vårt kvalitetssystem
  • Oppfølging av vedlikehaldskontraktar
  • Ei av stillingane i Bergen vil være knytt til tunnelvedlikehald

 Byggeleiar vedlikehald og Byggeleiar tunnel

 2 stillingar i Bergen, Odda eller Voss.  2 Stillingar tunnel, 1 i Bergen og 1 i Leikanger 

Næraste leiar for Leikanger/Førde/Eid er Eivind Yttri , Næraste leiar Bergen/OddaVoss samt tunnel er Åsmund A Sekse 

  • Teknisk og økonomisk hovudansvar for gjennomføringa og evalueringa av kontrakten/prosjektet
  • Utarbeiding av konkurransegrunnlag, lyse ut konkurranse og kontrahere
  • Følge opp og rapportere på økonomi, kvalitet, framdrift og HMS på eigne prosjekt
  • Arbeidsleiing av kontrollingeniørar
  • Koordinere arbeidet med andre faggrupper og etatar
  • Ha kontakt med andre myndigheiter, interessegrupper og media
  • Vere SHA-koordinator og YM-koordinator med mindre anna er bestemt av prosjektleiar
  • Vere ansvarleg for informasjonsoverføring mellom fasane, inkludert SHA og YM
  • Ei stilling er knytt til byggeleiing tunnel, og vil ha ansvar for å arbeide med konkurransegrunnlag og oppfølging av kontraktar med tunnelforvaltning 
Kvalifikasjonar

  Du må ha førarkort klasse B, i særskilte tilfelle kan krav om førarkort fråvikast.

Kontrollingeniør

  •  Du har relevant utdanning frå fagskule eller høgskule, min. 2 år
  •  Dersom du har sterk og allsidig praksis eller etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan vi sjå bort frå utdanningskravet
  •  Det er ønskeleg med erfaring frå anleggsverksemd eller vegdrift
  •  Erfaring med oppfølging av driftskontraktar/elektrokontraktar 
  • For kontrollingeniør tunell er det ønskeleg med erfaring med oppfølging av tunnelvedlikehald 
  • Du må ha førarkort klasse B 

 Byggeleiar

  •  Du har relevant utdanning frå universitet eller høgskule, min. 3 år
  •  Dersom du har sterk og allsidig praksis eller etterutdanning og gode personlige føresetnader for stillinga, kan vi sjå bort frå utdanningskravet
  •  Det er ein fordel med erfaring og god fagleg tyngde frå anleggsverksemd eller vegdrift
  • For byggleiar tunnel: Kjennskap og erfaring med tunnelvedlikehald, erfaring med kontraktsutlysing og oppfølging av kontraktar
Personlege eigenskapar

Gode kunnskapar i bruk av relevante IKT-verktøy, Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, Sjølvstendigheit og fleksibilitet

For byggleiarar må du forstå mekanismene og løyse utfordringane i eit stort byggeprosjekt. Du må også  ha evne til å samarbeide med og handtere grunneigarar, konsulentar, entreprenørar og kollegaer på ein god måte

Vi tilbyr
  • Ei fagleg utfordrande og spennande stilling med stor samfunnspåverknad
  • Eit sterkt og inkluderande fagmiljø  
  • Spennande oppgåver og gode vilkår for fagleg utvikling
  • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår 

Andre opplysningar 

Av praktiske årsaker har vi samla fleire stillingar i kvar annonse. Når du søker på stillinga spør vi deg om kva stilling du primært søker på, og kva arbeidsstad du vil ha. Vi spør deg også om du er interessert i andre stillingar og andre arbeidsstader. Dersom det er spesifikke andre stillingar du er interessert i, gi gjerne også beskjed om dette i søknaden din. Dersom du har spørsmål til stillingane, ta kontakt med den leiaren som står oppgitt på di stilling. Om du har spørsmål om tilsetjingsprosessen, kontakt Ruben Nordvik på telefon 969 43 099.