Detaljer


Kontrollingeniørar og byggeleiarar - drift av veg og infrastruktur i Vestland

Frå 2020 overtar Vestland fylkeskommune ansvaret for fylkesvegnettet i heile Vestland fylke. Vi set no saman eit spennande team av  dyktige fagfolk frå alle kantar av det nye fylket for å løyse denne viktige samfunnsoppgåva. Til saman skal vi rekruttere 100 medarbeidarar i ei rekke ulike fagfelt. Medarbeidarane vil ha arbeidsstad i Leikanger, Bergen, Førde, Odda, Voss og Nordfjordeid. Vi treng deg som har kompetanse innan vegplanlegging, prosjektering, drift og vedlikehald av veg, samt fleire fagområde. Bli med frå starten og sett ditt preg på ei ny avdeling for å gi det nye fylket gode og trygge vegar og god infrastruktur.

Seksjon for vedlikehald, drift og beredskap har ansvar for drift og vedlikehald av fylkesvegane. Driftsoppgåver er å følgje opp drifts-/elektroentreprenørane sitt arbeid og bestille tilleggsarbeid hjå desse, og syte for best mogleg framkomst på vegane. Vedlikehaldsoppgåver er bestilling og oppfølging av dekkelegging, bru/kaivedlikehald, tunneloppgradering og andre vedlikehaldsoppgåver. Dei viktigaste oppgåvene er planlegging av arbeid, utarbeiding av grunnlag for budsjettsøknader, oppfølging av entreprenør og økonomioppfølging innan tildelte midlar.

Stillingar og arbeidsoppgåver

Kontrollingeniørar

4 Stillingar i Bergen/Isdalstø, 3 stilllingar i Leikanger/Førde/Eid. Næraste leiar i Bergen og sør: Mariann K Jørgensen, Næraste leiar Leikanger/Førde/Eid: Eivind Yttri

  • Gjennomføre stikkprøvekontrollar på utført arbeid av driftsentreprenørene på kontrakten
  • Rapportere til byggeleiar på kontrakten og bistå byggeleiar i oppfølging av kontrakten med entreprenørene
  • Utarbeide gode kontrollplaner, samt dokumentere og rapportere kontrollresultat
  • Gjere greie for gjennomførte kontrollar i byggemøte
  • Følge opp og understøtte HMS-arbeidet innanfor kontraktsområdet
  • Kontrollingeniørane skal inngå i vinter- og sommerberedskapsvakt på seksjon    

 Byggeleiar

 3 stillingar på Leikanger/Førde/Eid, Næraste leiar er Eivind Yttri 

  • Planlegging av drift-/vedlikehaldstiltak på fylkesvegane i kontraktsområdet
  • Oppfølging av entreprenør, ansvar for byggemøte
  • Ansvar for å rapportere HMS, kvalitet, framdrift og økonomi
  • Saman med kontrollingeniør skal alle krava i driftskontrakten følgast opp og rapporterast vidare til prosjektleiar for området
  • Byggeleiar er i tillegg HMS-koordinator for driftskontrakten
Kvalifikasjonar

Kontrollingeniør

  • Du har relevant utdanning frå fagskule eller høgskule, min. 2 år
  • Dersom du har sterk og allsidig praksis eller etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan vi sjå bort fra utdanningskravet
  • Det er ønskeleg med erfaring frå anleggsverksemd eller vegdrift
  • Erfaring med oppfølging av driftskontraktar/elektrokontraktar

Byggeleiar

  • Du har relevant utdanning frå universitet eller høgskule, minimum 3 år
  • Dersom du har sterk og allsidig praksis eller etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan vi sjå bort frå utdanningskravet
  • Det er ein fordel med erfaring og god fagleg tyngde frå anleggsverksemd eller vegdrift

For alle stillingane

  • Kunnskap i relevante IKT- verktøy
  • Du må ha førarkort klasse B, i særskilte tilfelle kan krav om førarkort fråvikast.
Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som er god på kommunikasjon og har evne til å samarbeide med andre på ein god måte. Du kan jobbe sjølvstendig og er fleksibel med omsyn til arbeidsoppgåver.

Vi tilbyr
  • Ei faglig utfordrande og spennande stilling med stor samfunnspåverknad
  • Eit sterkt og inkluderande fagmiljø  
  • Spennande oppgåver og gode vilkår for fagleg utvikling
  • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår 

Andre opplysningar 

Av praktiske årsaker har vi samla fleire stillingar i kvar annonse. Når du søker på stillinga spør vi deg om kva stilling du primært søker på, og kva arbeidsstad du vil ha. Vi spør deg også om du er interessert i andre stillingar og andre arbeidsstader. Dersom det er spesifikke andre stillingar du er interessert i, gi gjerne også beskjed om dette i søknaden din. Dersom du har spørsmål til stillingane, ta kontakt med den leiaren som står oppgitt på di stilling. Om du har spørsmål om tilsetjingsprosessen, kontakt Ruben Nordvik på telefon 969 43 099.