Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Hordaland fylkeskommune

Kontormedarbeidar

Offentlig forvaltning - Fylkeskommunale etater

Stord vidaregåande skule er ein kombinert skule med studieførebuande- og yrkesfagleg utdanning. Skulen ligg sentralt i regionssenteret Leirvik. Totalt har skulen om lag 1000 elevar, fordelt på utdanningsprogramma Idrett, Medium og kommunikasjon, Musikk, dans og drama, Studiespesialisering, Bygg- og anleggsteknikk, Elektro, Teknikk- og industriell produksjon og IKT- servicefag. Voksenopplæringa i Sunnhordland er knytt til skulen og me har kursverksemd i forskjellige fag. Me er knutepunktskule for spesialundervisning i Sunnhordland og tilbyr undervisning i tilrettelagte grupper. Det er planlagt ei større ombygging av Stord vidaregåande skule og me skal ta i bruk nye og moderne skulebygningar innan nokre år. Skulen har høge ambisjonar for elevane si læring og eit engasjert personale arbeider for å skape eit trygt læringsmiljø. Skulen legg vekt på samarbeid med lokalmiljø, arbeidsliv og grunnskular.

Me søkjer etter vårt nye ansikt utad. Du er den første ein møter på telefon og i resepsjonen og har interesse for kontorarbeid. Du vert 1 av 8 som jobbar i staben ved skulen. Stillinga er på inntil 80%.

Arbeidsoppgåver
  • Resepsjon/sentralbord
  • Elevadministrasjon
  • Diverse kontorfunksjonar innan personal/økonomi/innkjøp
Kvalifikasjonar

Krav til stillinga:

  • Erfaring med kontorarbeid
  • Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggja fram politiattest 

 Ynskjeleg for stillinga:

  • Fagbrev i kontorfaget
  • Erfaring med system som Visma/Ephorte/bluegarden personalsystem
Personlege eigenskapar

Me søkjer deg som:

  • Er utadvent, har godt humør og er flink å kommunisera
  • Er systematisk og nøyaktig
  • Er serviceinnstilt
  • Likar å samarbeida med andre 

 

Me kan tilby:
  • Kjekt arbeid i samspel med kollegaer, elevar og føresette   
  • Løn og lønsutvikling i tråd med Hordaland fylkeskommune sin lønspolitikk
  • Gode pensjons- og låneordningar i KLP

Andre opplysningar

  •  Alle nytilsette i Hordaland fylkeskommune får ei prøvetid på seks månader
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort