• Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    07.08.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6802, FØRDE
    SUNNFJORD
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3982848
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
  • Oppdatert 15.07.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sunnfjord kommune

Kontaktperson

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Sunnfjord barnevern har per i dag 26,2 stillingsheimlar. Vi har valt å etablere team for å løyse dei kompliserte og samansette oppgåvene som barnevernet har. Vi har såleis eit undersøkingsteam som avklarar meldingane og gjennomfører undersøkingane. Vi har eit oppfølgingsteam som følgjer opp dei familiane som får hjelpetiltak i heimen. Vi har eit omsorgsteam som følgjer opp plasserte born i fosterheimar og institusjonar. Og vi har eit familieteam som har som mål å utvikle gode tiltaksforløp for å skape positiv endring i familiane. Vi er opptatt av fagleg kvalitet i tenestene våre og har difor støtteordningar for relevant vidareutdanning.

Vi har ledig følgande stilling:
  • 2x100 % fast stilling som kontaktperson

stillingane vil bli knytt til undersøkings- og oppfølgingsteamet, dersom det ikkje blir gjort interne justeringar. Dei nytilsette sine ønske og kvalifikasjonar vil vere viktige faktorar i denne vurderinga. 

Krav til søkar:
  • barnevernpedagog eller sosionom, men andre relevante høgskuleutdanningar kan vere aktuelle
  • gjerne vidareutdanning/master retta mot arbeid i barnevernet
  • gyldig politiattest
Arbeidsoppgåver i undersøkingsteamet:
  • delta i vurderingar av bekymringsmeldingar
  • gjennomføre undersøkingar som følgje av bekymringa som er meldt
  • samarbeide med barn, ungdom og familiar så lenge undersøkinga varer
  • skriftleg dokumentasjon av undersøkinga
  • samarbeide med andre team i tenesta og andre tenester
  • møte i tingrett og fylkesnemnd etter behov
Arbeidsoppgåver i oppfølgingsteamet:
  • samtalar med barn, ungdom og foreldre
  • utarbeide plan for tiltak
  • sørge for at hjelpetiltak blir iverksett
  • lage oppdragsavtalar og følgje opp oppdragstakarane
  • følgje opp hjelpetiltak og evaluere tiltak som vert sett inn
  • skriftleggjere evalueringsrapportane
  • samarbeide med barn, ungdom og familiar
  • samarbeide med andre team i tenesta og andre tenester
  • møte i tingrett og fylkesnemnd etter behov
Vi søker deg som:
  • har evne til å jobbe sjølvstendig og i team, samt vise initiativ
  • har evne til å handtere uavklarte situasjonar der ein t.d. har usikker informasjon om barn lir overlast eller ikkje, og samtidig kunne jobbe målretta og systematisk
  • vise fleksibilitet, kreativitet og samarbeidsevne
  • er positiv og tolmodig i samarbeid med familiar som er i ein vanskeleg situasjon, slik at ein ikkje påfører unødige bekymringar eller belastningar på barnet eller familien som følgje av undersøkinga
  • har god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • kan handtere periodar med stor pågang og tilhøyrande fristar
Vi kan tilby:
  • ei spennande stilling i ei teneste i utvikling
  • utfordrande og meiningsfulle arbeidsoppgåver

 

 Du må søke elektronisk

 

Velkommen som søkar!

 

 

  • Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    07.08.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6802, FØRDE
    SUNNFJORD
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3982848
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
  • Oppdatert 15.07.2021