Bedrift
Alver kommuneSøknadsfrist
18.06.2020Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
2955699Se her for andre jobber fra Alver kommune
- Oppdatert 02.06.2020
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Alver kommune
Konsulent Knarvik barneskule
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Det er ledig 70 % stilling ved Knarvik barneskule inneber 26,25 t/v som følgjer skuleåret pluss arbeid utanfor skuleruta etter nærare avtale. Fordeling av arbeidsdagar vert å avtale med rektor.
Om Knarvik Barneskule
Knarvik barneskule flytta inn i ny skule mai 2019. Skulen har i dag ca 260 elevar og eit personale på ca 40. Les meir om skule her
Arbeidsoppgåver
Varierte kontoroppgåver og kontakt ut mot ulike samarbeidspartnarar til skulen. Mellom anna merkantile oppgåver, t.d. attestering av rekningar, utgifter og inntekter mot budsjett, utrekning og kontroll av lønsopplysningar, betjening av resepsjon, arbeid med ACOS FOCUS og VISMA Skule ( FLYT), arkivering, føring av post og anna kontorarbeid.
Kompetanse
- Du har gjerne erfaring frå merkantilt arbeid, er nøyaktig og har stor arbeidskapasitet
- Du er sjølvstendig, men kan samarbeide med andre i eit kontormiljø
- Du er god på data, og kan setje deg inn i merkantile datasystem og kan bli sentral som ressurs i bruk og administrasjon av sak arkivsystemet ACOS FOKUS og skuleadministrasjonssystemet VISMA FLYT mv som skulen nyttar
- Du bør ha utdanning på vidaregåande skule relevant til oppgåvene
Du treng gode IT-kunnskapar.
Vi ser etter ein serviceinnstilt person som ønskjer å arbeida i eit kollegium med stor delingskultur og eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
Varierte arbeidsoppgåver, kontakt med elevar, føresette og kollegaer og andre i Alver kommune sin oppvekstsektor
God pensjonsordning gjennom KLP.
Løn ut i fagarbeidarstige ut frå 350 000 til 430 000 ut frå ansiennitet.
Det er krav om godkjend politiattest etter opplæringslova ved tiltrede.
Søknad
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, jo betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00
Bedrift
Alver kommuneSøknadsfrist
18.06.2020Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
2955699Se her for andre jobber fra Alver kommune
- Oppdatert 02.06.2020