• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    30.01.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4345456
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 21.01.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Konsulent - 80% fast stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Det er ledig  80 % stilling som konsulent ved Knarvik barneskule. Fordeling av arbeidsdagar vert å avtale med rektor.  

Om Knarvik Barneskule 

Knarvik barneskule flytta inn i ny skule mai 2019. Skulen har i dag ca 270 elevar og eit personale på ca 45. Les meir om skule her 

Arbeidsoppgåver

Varierte kontoroppgåver og kontakt  ut mot ulike samarbeidspartnarar til skulen. Mellom anna merkantile oppgåver, t.d. attestering av rekningar, utgifter og inntekter mot budsjett, utrekning  og kontroll av lønsopplysningar, betjening av resepsjon, arbeid med Websak og VISMA Skule ( FLYT),  og anna kontorarbeid.

Kompetanse

  • Du har gjerne erfaring frå merkantilt arbeid, er nøyaktig og har stor arbeidskapasitet
  • Du er sjølvstendig, men kan samarbeide med andre i eit kontormiljø
  • Du er god på data, og kan setje deg inn i merkantile datasystem og kan bli sentral som ressurs i bruk og administrasjon av sak arkivsystemet ACOS FOKUS og skuleadministrasjonssystemet VISMA FLYT mv som skulen nyttar
  • Du bør ha utdanning på vidaregåande skule relevant til oppgåvene

Du treng gode IT-kunnskapar.

Vi ser etter ein serviceinnstilt person som ønskjer å arbeida i eit kollegium med stor delingskultur og eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

Varierte arbeidsoppgåver, kontakt med elevar, føresette og kollegaer og andre i Alver kommune sin oppvekstsektor

God pensjonsordning gjennom KLP. 

Løn ut i fagarbeidarstige.

Det er krav om godkjend politiattest etter opplæringslova ved tiltrede.  

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.  

 

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    30.01.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4345456
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 21.01.2022