• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    28.11.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4220544
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 23.11.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Konsulent - 50% fast stilling - Sæbø skule

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Det er frå 01.01.2022 ledig ei 50% stilling som konsulent ved Sæbø skule. Fordeling av arbeidsdagar vert avklart i samarbeid med rektor.

Arbeidsoppgåver:

  • Sentralbordfunksjon.
  • Varierte kontoroppgåver og kontakt ut mot ulike samarbeidspartnarar til skulen.
  • Attestering av rekningar, utgifter og inntekter mot budsjett.
  • Utrekning og kontroll av lønsopplysningar, samt arbeid med ACOS FOCUS, VISMA Skule ( FLYT), Cert og andre administrative system.
  • Handsaming av arkiv, postjournal/postmottak samt sjølvstendig sakshandsaming.
  • Hjelpe elevar, føresette og tilsette i kvardagen.
  • Bestilling og fakturering samt kunde- og leverandørkontakt. 

Kompetanse:

  • Det er ei føremonn at du har relevant utdanning og røynsle frå merkantilt arbeid.
  • God IKT-kompetanse og kjennskap til ulike skuleadministrative system.
  • Du må ha god nynorskspråkleg dugleik, munnleg og skriftleg.
  • Vi ser etter ein serviceinnstilt og fleksibel person.
  • Det vert vektlagt at du er personleg eigna for jobben.

Utdanningsretning:

  • Økonomiske- og administrative fag

Utdanningsnivå:

  • Vidaregåande skule

Personlege eigenskapar:

  • Du viser initiativ, er systematisk, effektiv og sjølvstendig i arbeidet ditt.
  • Du likar å samarbeide med andre.
  • Du har gode kommunikasjons– og samarbeidsevner.
  • Du er serviceinnstilt, imøtekommande, fleksibel og løysningsorientert.

Vi tilbyr

  • Eit godt og støttande kollegium.
  • Dagleg kontakt med kjekke elevar og føresette.
  • Ein ny og fin skule, der orden og gode rutinar blir vektlagt.
  • Fleksibilitet i høve arbeidsdagar utover skuleåret. Fordelinga av arbeidsdagar blir avtalt i samarbeid med rektor.
  • God pensjonsordning gjennom KLP. 
  • Løn i fagarbeidarstige ut frå ansiennitet. 
  • Det er krav om godkjend politiattest etter opplæringslova.
 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    28.11.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4220544
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 23.11.2021