Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Hordaland fylkeskommune

Konsulent

Offentlig forvaltning - Fylkeskommunale etater

Stord vidaregåande skule er ein kombinert skule med studieførebuande- og yrkesfagleg utdanning. Skulen ligg sentralt i regionssenteret Leirvik. Totalt har skulen om lag 1000 elevar, fordelt på utdanningsprogramma Idrett, Medium og kommunikasjon, Musikk, dans og drama, Studiespesialisering, Bygg- og anleggsteknikk, Elektro, Teknikk- og industriell produksjon og IKT- servicefag. Voksenopplæringa i Sunnhordland er knytt til skulen og me har kursverksemd i forskjellige fag. Me er knutepunktskule for spesialundervisning i Sunnhordland og tilbyr undervisning i tilrettelagte grupper. Det er planlagt ei større ombygging av Stord vidaregåande skule og me skal ta i bruk nye og moderne skulebygningar om nokre år. Skulen har høge ambisjonar for elevane si læring og eit engasjert personale arbeider for å skape eit trygt læringsmiljø. Skulen legg vekt på samarbeid med lokalmiljø, arbeidsliv og grunnskular.

Som konsulent vil ein mellom anna få ulike administrative oppgåver som skal legge til rette for at elevane lukkast gjennom heile skuleløpet.  

Arbeidsoppgåver
  • kontroll og innrapportering rundt elevadministrasjon
  • dokumentasjon knytt til kompetansebevis
  • bistå til utplassering og å skaffa læreplassar på yrkesfag
  • koordinator for arbeidet med læreplassrekneskap og formidlingsplan
  • delta i skulen sitt interne ressursteam  
  • forefallande kontorarbeid
  • bistå fagleiar i arbeidet med eksamen og anna elevretta arbeid
Kvalifikasjonar
  • god kjennskap til YFF-faga og arbeid med utplassering 
  • godt og tett samarbeid med næringslivet i regionen 
  • erfaring med kontorarbeid
  • Alle som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje frem politiattest 

Det er ynskjeleg med:

  •  gode IKT-kunnskapar og gjerne kjennskap til Extens og Vigo.
  •  erfaring og utdanning innan rådgjeving/rettleiing 
Personlege eigenskapar

Me søkjer deg som er:

  • nøyaktig og strukturert
  • omgjengeleg og har eit raust menneskesyn
  • løysingsorientert 
  • kan bidra i skulen sitt utviklingsarbeid knytt til auka gjennomføring på yrkesfag

Det vert lagt stor vekt på at søkjar er personleg eigna.

Vi tilbyr
  • kjekt arbeid i samspel med kollegaer, elevar, føresette og lokalt næringsliv
  • løn og lønsutvikling i tråd med Hordaland fylkeskommune sin lønspolitikk
  • gode pensjons- og låneordningar i KLP

Andre opplysningar

  •  Nytilsetjingar i fylkeskommunen vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
  • For denne stilinga er det eit vilkår at det vert lagt fram godkjend politiattest før tilsetjing.
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.