• Bedrift
    Gulen kommune
  • Søknadsfrist
    10.06.2022
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5966, EIVINDVIK
    GULEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4378882
  • Se her for andre jobber fra Gulen kommune
  • Oppdatert 10.06.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Gulen kommune

Kommunepsykolog

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

 

Gulen og Masfjorden kommunar ligg i eit vakkert område frå innløpet til Sognefjorden i vest til Stølsheimen i aust. Kommunane består av både fjell og kystlandskap, med eit mylder av øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen. Kulturlivet er allsidig med aktive lag og organisasjonar. Kommunane har samla nesten 4000 innbyggjarar. Det er ledig barnehageplass og godt oppvekstmiljø for barn og unge. Kommunane har eit næringsliv i utvikling, med store satsingar i åra som kjem. 

Gulen og Masfjorden kommunar har gjennom vertskommunesamarbeid ledig 100% fast stilling som kommunepsykolog, med fordeling 60% i Gulen og 40% i Masfjorden. Gulen kommune er vertskommune. Kontorstad vert i Eivindvik og på Hosteland. Ein må pårekne noko reising. Stillinga er nyoppretta, og vi søkjer ein engasjert og løysingsorientert psykolog til å arbeide i 1. linjetenesta i kommunane våre.

I begge kommunane er det einingsleiar ved eining helse som har ansvar for psykologtenesta, slik at dialog kring innsatsområde, prioriteringar osv naturleg vil skje i dialog med dei to einingsleiarane. Arbeidsgivaransvaret for stillinga ligg til Gulen kommune. I tillegg til psykologtenesta har eininga også ansvar for andre kurative tenester som til dømes legeteneste, helsestasjon, psykisk helse, fysioterapi og ergoterapi. Gulen og Masfjorden har frå før felles barnevernteneste, PPT, jordmorteneste og brannvern.

Det er eit etablert samarbeid innan fleire fagområde i region Nordhordland. Helsehuset i Knarvik, som er eigd av alle kommunane i Nordhordland, har ekstra fokus på fag- og tenesteutvikling. Det er ynskjeleg å få etablert fagleg nettverk med nabokommunar og samarbeid elles i regionen.


Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene i stillinga vil verte tredelt, med hovudfokus på fylgjande område: 

  • Førebyggande og kurative tenester til innbyggjarane, både til individ og grupper
  • Rettleing og fagstøtte til andre tenesteytarar og faggrupper i kommunen
  • Plan- og utviklingsarbeid på systemnivå

Andre oppgåver ved behov


Kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjent psykolog/psykologspesialist
  • Det er ynskjeleg med relevant erfaring
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne (norsk)
  • Førarkort kl B

Personlege eigenskapar

Vi ynskjer at du:

  • er pliktoppfyllande, fleksibel, strukturert og løysingsorientert 
  • har evne til å skape tillit hos brukarar og samarbeidspartnarar
  • kan arbeide både sjølvstendig og samarbeide godt i team, og har gjennomføringskraft

Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetjing.

Anna:

  • Tenestespråket i Gulen og Masfjorden kommunar er nynorsk.
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar.
  • Det vert det stilt krav om politiattest. 
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering.

Vi tilbyr:

  • spennande og varierte oppgåver 
  • fleksibel arbeidstid
  • løn etter avtale
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • hjelp til å sjå etter bustad 

 

 

 

·

 

  • Bedrift
    Gulen kommune
  • Søknadsfrist
    10.06.2022
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5966, EIVINDVIK
    GULEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4378882
  • Se her for andre jobber fra Gulen kommune
  • Oppdatert 10.06.2022