• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    09.11.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3227066
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 16.10.2020
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Kommunepsykolog - 100 % vikariat

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Vi har ledig vikariat som kommunepsykolog frå 01.01.2021 - 31.12.2021. Psykologen vil inngå i eit team av 4 psykologar som arbeider for å styrke kvalitet i kommunen sitt heilhetlige arbeid innan psykisk helsearbeid og rusvern.

Pr i dag består tenesta av ein psykologspesialist med fokus på tilbod til vaksne, ein psykologspesialist med fokus på born, unge og vaksne samt to psykologar som har hovudfokus på born og unge. Lågterskeltilbodet er retta mot personar med risiko for å utvikle og/eller som har utvikla problem knytt til psykisk helse og/eller rusbruk.

Om Kommunepsykologane

Kommunepsykologane er formelt organisert i kommunen si avdeling for psykisk helse og rus, og har kontorstad i Knarvik nord for Bergen. I løpet av 2021 vil tenesta vere samlokalisert med spesialisthelseteneste, legar og andre kommunale tenester i Helsehuset. Ein må pårekne noko arbeid på andre driftskontor i kommunen.

Arbeidsoppgåver

Arbeidet vil rette seg mot individ, familiar, pårørande, grupper og i nokre høve heile befolkninga. Vidare skal psykologen bidra med rettleiing inn mot kommunen sine verksemder, team og helsepersonell. Den som vert tilsett vil vere med på å utvikle kommunepsykologtenesta i den nye kommunen. Psykologen må kunne ta del i nettverket for psykologar i regi av Fylkesmannen og Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid (NAPHA).

Kompetanse

  • Norsk autorisert psykolog
  • Førarkort klasse B og eigen bil til disposisjon

Du er ein engasjert psykolog med erfaring frå klinisk arbeid og systemarbeid. Den som vert tilsett må ha stort engasjement for born og unge si psykiske helse, samt ha gode evnar til tverrfagleg samarbeid. Du har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg, og samarbeidar godt med andre. 

Vi tilbyr

Løn og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk

Politiattest

I tråd med helsepersonellov vert det stilt krav til tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    09.11.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3227066
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 16.10.2020