• Bedrift
    Hemsedal Kommune
  • Søknadsfrist
    31.08.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3560, HEMSEDAL
    HEMSEDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3988555
  • Se her for andre jobber fra Hemsedal Kommune
  • Oppdatert 22.07.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Hemsedal Kommune

Kommunedirektør

Offentlige tjenester og forvaltning

Hemsedal kommune har omlag 2560 innbyggjarar, og er ei fjellbygd i Hallingdal. Hallingdal har slagorda: «Leiken, ekta, fri og frisk!». Hemsedal er ei bygd i vekst som er god å bu i. Vi har ei sterkt veksande reiselivsnæring og eit livskraftig landbruk, store urørte naturområde, eit flott alpinanlegg, ei god fiskeelv og lokal kultur og tradisjonar vi er stolte av. Bygda Hemsedal har som mål å vere Skandinavias mest attraktive reisemål for fjellsport og kulturopplevingar. "Saman til tøpps"!

Vår nye kommunedirektør har evne til å inspirere, engasjere og utvikle leiarane og medarbeidarane. Du er samstundes tydeleg i dine forventningar og tilbakemeldingar. Du er god til å kommunisere og er opptatt av samarbeid. Du kan gjennom samhandling og medverknad bygge relasjonar og oppnå resultat. Vår nye kommunedirektør er ambisiøs på kommunen sine vegne, tenker strategisk og kan sjå heilskap. Du er nytenkande, ser løysingar og skaper moglegheiter. Du er god på å trygge både tilsette og leiarane i sitt arbeid, og gjer organisasjonen trygg ved utviklings- og endringsprosessar. Du er også ein god rollemodell som evnar å etterleve kommunen sine verdiar.

Vi ønskjer at du har:
-       kunnskap om forvaltning og innovasjon
-       evne til å skape eit godt omdømme og gode tenester for kommunen sine innbyggjarar og næringsliv
-       erfaring med overordna planlegging og økonomistyring
-       relevant høgare utdanning og allsidig leiarerfaring

Ønska bakgrunn og kompetanse:
-       kunnskap om kommunal/offentleg forvaltning
-       erfaring frå saksbehandling
-       gode leiareigenskapar og evne til å utvikle organisasjonen
-       handlekraftig og gode samarbeidseigenskapar
-       gode datakunnskapar og erfaring med ulike datasystem 

Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting.

Vi kan tilby deg m.a:
-       ei spanande og krevjande toppstilling i ei bygd i vekst med store ambisjonar
-       gode vilkår
-       gode arbeidskollegaer og eit godt arbeidsmiljø
-       ei løysingsorientert organisasjon som har mykje varme og omtanke for kvarandre
-       fleksibel arbeidstid, det er lov å ta ein formiddag fri når det er nysnø eller det klekker i elva..

Generell informasjon:
Søkjarlister er offentlege.
Søknaden skal registrerast elektronisk på vår webside.
Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk.
Administrasjonsmål er nøytralt, men tenestemål er nynorsk.
Medlemskap i Kommunal landspensjonskasse (KLP).

Elektronisk søknadsprosess:
Ved elektronisk søknad vil det automatisk bli generert ein CV utifrå opplysningane som blir lagt inn. Vitnemål og attestar kan lastast opp og blir da ein del av den elektroniske søknaden.

Referansar vil bli innhenta. Ta kontakt med postmottak@hemsedal.kommune.no dersom du har utfordringar i søknadsprosessen.

Vi ser fram til å ta imot din søknad og ønskjer deg velkommen som søkjar her hos oss i Hemsedal kommune. 

Kontaktperson
Pål Terje Rørby, Ordførar, tlf: 31408800, mobil: 91638675, paal.rorby@hemsedal.kommune.no

 

 

  • Bedrift
    Hemsedal Kommune
  • Søknadsfrist
    31.08.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3560, HEMSEDAL
    HEMSEDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3988555
  • Se her for andre jobber fra Hemsedal Kommune
  • Oppdatert 22.07.2021