• Bedrift
    Bygland kommune
  • Søknadsfrist
    06.05.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Påkrevet
  • Ønsket Språk
    Norsk
  • Adresse
    4745, BYGLAND
    BYGLAND
    Norge
  • Andre arbeidssteder
    Bygland
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2857734
  • Se her for andre jobber fra Bygland kommune
  • Oppdatert 02.04.2020
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Bygland kommune

Kommunedirektør

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Rådmannen vår skal gå av med pensjon og vi søkjer hans etterkomar. No ser vi etter ein ny leiar som vil utvikle kommunen vidare, ein engasjert kommunedirektør som vil ‘legge seg i selen’ for at Bygland skal vere ein god stad å leve, arbeide og bu for unge og eldre. I Bygland er vi opptekne av å gjere det attraktivt for unge i etableringsfasen. Vi har fokus på næringsutvikling og legg vinn på å stimulere slik at kommunen har eit variert næringsliv og at det kan skapast fleire arbeidsplassar i regionen.

Som kommunedirektør i Bygland vil du sørge for god styring slik at tenesteytinga er effektiv og serviceorientert. Du er bevisst rolla di og trivast i skjeringspunktet mellom politikk og administrasjon. Du har forståing for kommunal forvaltning, men like viktig er evne og vilje til å leia endrings- og utviklingsprosessar. Om du har erfaring frå eller kjennskap til næringslivet, er det ein føremon.

Vi ønskjer oss ein tydeleg og trygg leiar som skaper resultat gjennom samarbeid, involvering og tillit. Du gir ansvar og støttar opp slik at vi når dei målsettingane vi har sett oss føre. Du evnar å sjå eit stykke fram i tid, men forstår òg kva vi må gjere i dag for komme dit vi vil. Er du ein leiar med høg integritet som kan gi innhald og meining til verdiane våre; stolt, truverdig, løysingsorientert og lojal? Liker du å være på og ‘framme i skoa’ til beste for innbyggjarane i Bygland kommune? Da vil vi gjerne høyre frå deg!


ARBEIDSOPPGÅVER

  • Vidareutvikle og tilpassa kommunen sine tenester i dialog med politisk leiing, innbyggjarane, medarbeidarane og organisasjonane deira
  • Styre økonomi og drift på ein god og effektiv måte, som sikrar driftsbalanse og økonomisk handlingsrom
  • Bidra til at vi til ei kvar tid har rett organisering og fagleg kompetanse som er tilpassa arbeidsoppgåvene
  • Vere engasjert og proaktiv i samspelet med næringsaktørar og samarbeidspartnarar i regionen
  • Styrke omdømmet vårt som ein attraktiv kommune for næringsutvikling, busetjing, oppvekst og turisme

KVALIFIKASJONAR

  • Relevant høgare utdanning frå høgskole/universitet
  • Kommunal forvaltningskompetanse/erfaring er ein føremon
  • Juridisk og økonomisk kompetanse er ein føremon
  • Relevant leiarerfaring frå offentleg eller privat verksemd med dokumenterte gode resultat
  • Erfaring frå omstillings- og utviklingsarbeid
  • Forståing for samfunns- og næringsutvikling og grensesnitta mellom politikk og administrasjon

VI SER ETTER DEG SOM ER:

  • målretta og strukturert og gir ansvar – du oppnår resultat gjennom medarbeidarane dine
  • orientert mot framtida – du evnar å ta strategiske val ut frå dette
  • systematisk – du har god evne til å ta rette prioriteringar i forhold til tildelte rammer
  • god på relasjonar og samspel – du lyttar og kommuniserer på ein måte som skaper tillit
  • dyktig på ta avgjerder – du har god gjennomføringsevne
  • god til å finne løysingar i fastlåste situasjonar – du tar tak når det trengs
  • opptatt at vi skal ha et bra arbeidsmiljø – du bidrar med arbeidsiver og godt humør

VI TILBYR:

  • ei spennande stilling som toppleiar med moglegheiter til å påverke utviklinga av lokalsamfunnet og regionen
  • samansette og meiningsfylte oppgåver
  • eit godt og konstruktivt samarbeidsklima mellom folkevalde og administrasjonen
  • løn etter avtale, gode forsikrings- og pensjonsordningar

I samsvar med Offentleglova §25 kan du søkje om å bli unntatt frå offentleggjering. Du må grunngi ynsket. Om ynsket ikkje blir innvilga, vil du bli varsla slik at du kan få moglegheit til å trekkje søknaden.


Fram til søknadsfristen vil alle førespurnader om stillinga bli handsama konfidensielt, om ynskjeleg òg overfor oppdragsgjevar.


Vil du vite meir som stillinga, er du velkomen til å kontakte våre rådgjevarar i Skagerak Consulting, Øyvind Drangsland tlf. 918 32 891, Anne Hilde Hals tlf. 982 13 005 eller ordførar Sigbjørn Fossdal tlf. 915 47 815.

 

  • Bedrift
    Bygland kommune
  • Søknadsfrist
    06.05.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Påkrevet
  • Ønsket Språk
    Norsk
  • Adresse
    4745, BYGLAND
    BYGLAND
    Norge
  • Andre arbeidssteder
    Bygland
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2857734
  • Se her for andre jobber fra Bygland kommune
  • Oppdatert 02.04.2020