• Bedrift
    HJARTDAL KOMMUNE
  • Søknadsfrist
    10.05.2019
  • Stillingsfunksjon
    Lederstilling
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3692, SAULAND
    HJARTDAL
    Norge
  • Andre arbeidssteder
    Hjartdal
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    1665462
  • Se her for andre jobber fra HJARTDAL KOMMUNE
  • Oppdatert 25.04.2019
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

HJARTDAL KOMMUNE

Kommunalsjef sammfunnsutvikling

Offentlig forvaltning

Hjartdal kommune Hjartdal kommune ligg i Aust-Telemark med grense til kommunane Notodden, Tinn og Seljord. Kommunen har ca. 1600 innbyggarar og er ein triveleg kommune med gode og trygge oppvekstvilkår, rike kulturtradisjonar og er ein stor hyttekommune. Kommunen består av bygdene Sauland, Tuddal og Hjartdal. Sauland er kommunesenteret, og ligg ca 20 min frå Notodden og 50 min frå Kongsberg. Hjartdal kommune er medlem av Kongsbergregionen. 

KOMMUNALSJEF SAMFUNNSUTVIKLING Ref. nr: 2019/714 

Vi søkjer ein kommunalsjef på området samfunnsutvikling. Du er ein strategisk, strukturert og synleg leiar med evne å motivere dei tilsette. Stillinga krev at du er sjølvstendig, tenkjer heilskapleg og lar deg motivere av utfordringar, men du er óg ein lagspelar. Du er ein offensiv leiar, med handlekraft og stå-på-vilje. 

Innhald i stillinga:
Avdelinga tek hand om kommunens oppgåver innafor planarbeid, landbruk, skogbruk, oppmåling, utbyggingsoppgåver og teknisk drift, samt nærings- og stedsutvikling. 

Viktige oppgåver vil vere: 

  • Økonomistyring, resultatstyring og planlegging av avdelinga sine oppgåver 
  • Personalansvar 
  • Strategisk utviklingsarbeid 
  • Internkontroll 
  • Sakshandsaming 
  • Representant for avdelinga i politiske organ 
  • Aktiv deltaking i rådmannen si leiargruppe 

Formelle kvalifikasjonskrav:
Du har høgare relevant universitets- eller høgskuleutdanning, samt leiarerfaring. Relevant teknisk og/eller juridisk kompetanse vil bli vektlagt. 

Personlege eigenskapar:
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting. Eigenskapar som er verdsatt vil vere:

  • Inkluderande, motiverande og tillitsskapande leiarstil 
  • Samarbeids- og endringsvilje 
  • Samfunnsengasjement 
  • Fleksibilitet og handlekraft 
  • Gode kommunikasjonsevner skriftleg og munnleg 

Vi tilbyr: 

  • Fleksibel arbeidstid og ekstra fridagar 
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar 
  • Løn etter avtale 

Viss du har spørsmål om stillinga kan du kontakte rådmann Stine Nyheim Folseraas på telefon 909 25 412 eller e-post stine.nyheim.folseraas@hjartdal.kommune.no

Søknad med CV sendast innan 10.05.19 på e-post til postmottak@hjartdal.kommune.no. Merk søknaden med ref.nr 2019/714. 

Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje blir søkjaren varsla om dette, jf Offentleglova § 25.

 

  • Bedrift
    HJARTDAL KOMMUNE
  • Søknadsfrist
    10.05.2019
  • Stillingsfunksjon
    Lederstilling
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3692, SAULAND
    HJARTDAL
    Norge
  • Andre arbeidssteder
    Hjartdal
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    1665462
  • Se her for andre jobber fra HJARTDAL KOMMUNE
  • Oppdatert 25.04.2019