• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    29.08.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Leikanger
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4008366
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 04.08.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sogndal kommune

Kommunalsjef helse og omsorg

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

 

Vil du vera med oss i utviklinga av Sogndal kommune? Ein kommune i vekst og med rivande utvikling. Dei som bur i Sogndal, skal kunne leve det gode liv i kommunen vår.

Helse og omsorgssektoren består kommunen si institusjonsteneste, heimeteneste, vedtakskontor, psykisk helse og rus, bu og miljø, fysio/ergo/friskliv og legeteneste. I kommunalsjefen si leiargruppe er det 8 tenesteleiarar, samt kommuneoverlege og rådgjevar for helse og omsorg. Sektoren har om lag 500 tilsette.  Kommunalsjefen har ei nøkkelrolle i å sikra skaparkraft og ei heilskapleg tilnærming til tenestene i Sogndal kommune.   

Verdiane til Sogndal kommune er samskapande – open – god – nysgjerrig, og den nyleg vedtekne samfunnsplanen til kommunen har vedteke livskvalitet som eit av tre samfunnsmål. Dette krev at vi leverer likeverdige tenester og kommunalsjefen vil få som hovudoppgåve å følgja opp dette. Du kjem inn i eit god gruppe både i leiargruppa til kommunedirektøren og i helse og omsorgssektoren, der du får høve til å påverka ein regionsenterkommune med ambisjonar.   

 

Arbeidsoppgåver:

  • fagleg, økonomisk og administrativ leiing av sektoren  
  • styring, samordning og utvikling av tenestene i sektoren  
  • vere pådrivar for innovativ tenesteutvikling i sektoren, der teknologi og nye arbeidsmåtar er avgjerande
  • ansvar for interkommunalt samarbeid som ligg til sektoren
  • bidra til utvikling av kommunen samla sett  
  • representera kommunedirektøren i utval og andre politiske møteorgan  
  • utgreiingar og andre arbeidsoppgåver etter kommunedirektøren sine vurderingar  

 

Me stiller krav om:

  • relevant høgare utdanning, masternivå er ønskjeleg  
  • minst fem års relevant leiarerfaring  
  • dokumenterte resultat som leiar 

 

Du må ha:

  • god kunnskap og interesse for ansvarsområda lagt til stillinga 
  • interesse for og erfaring med strategisk plan- og utviklingsarbeid 
  • erfaring som kulturbyggar, endringsleiar og prosjektdrivar 
  • evne til å kommunisera godt skriftleg og munnleg 

 

Me ønskjer deg som:

  • er ein tydeleg leiar med stort engasjement, god til å formidla, forankra og få folk med på laget 
  • har analytiske evne, innbyr til tillit og er ein god sparringpartnar 
  • evner å tenkje heilskapleg, strategisk og langsiktig
  • har kunnskap og erfaring med økonomi- og ressursstyring
  • har kommunal erfaring
  • er eit førebilete i haldningar og kulturbygging 
  • er utviklingsorientert og nysgjerrig 
  • har rolleforståing for kva det betyr å arbeida i ein politisk styrt organisasjon 
  • har evne til å ta initiativ og arbeida sjølvstendig og målretta  

Det vil bli lagt stor vekt på søkjaren sine personlege eigenskapar.  

 

Me tilbyr: 

  • eit inspirerande fagleg og sosialt miljø med spennande og utfordrande oppgåver, gode mogelegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vere med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst 
  • spennande og krevjande arbeidsoppgåver med stor grad av sjølvstende   
  • gode moglegheiter for eigen kompetanseutvikling  
  • gode pensjons- og forsikringsordningar og velferdsordningar  
  • lønn etter avtale 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at ifølgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 

 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit. 

 

 

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    29.08.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Leikanger
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4008366
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 04.08.2021