Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Norsk rikskringkasting AS

Journalist i NRK si nyheitssatsing i Trondheim

Media, informasjon og PR

Vil du vera med å setta dagsorden i det nasjonale nyheitsbildet?

NRK Trøndelag har eit ledig stilling i eitt år som nyheitsjournalist i Trondheim. Me ønskjer ein journalist som skriv godt og kan formidla nyheiter og aktuelle historiar både gjennom tekst og bilder.  Du må ha teft for nyheiter og gjerne sans for det som engasjerer målgruppa unge vaksne. Det er også ein fordel med kunnskap og erfaring med video og lyd. Arbeidet har også turnus- og helgejobbing. 

Kvalifikasjoner:

Oppdraget er å laga engasjerande kvalitetsjournalistikk frå kvardagen til folk, som set dagsorden. Det viktigaste er at du har god nyheitsteft og kan fortelja dei gode historiane slik at dei når ut.

Alle kan ikkje alt, men lista under viser noko av det som tel i vår vurdering:

  • Erfaring og kunnskap om journalistikk på nett
  • Kompetanse på stillbilder og bilderedigering
  • Evne til å nå ung målgruppe
  • Kunnskap og erfaring med lyd og video
  • God samfunnskunnskap
  • Kjeldenettverk i Trøndelag
  • God etisk vurderingsevne
  • Førarkort kl. B
  • Erfaring som arbeidsleiar 

Personlige egenskaper:

  • Jobba raskt og effektivt, også under press
  • Eit godt munnleg og skriftleg språk
  • Iderik, nysgjerrig og kreativ
  • Kunna jobba sjølvstendig, men også lika samarbeid i team

Vi tilbyr:

  • Du blir ein del av det største nyheitsmiljøet i NRK utanfor Marienlyst, der me lagar kvalitetsjournalistikk frå heile landet til heile landet.