• Bedrift
    Gol kommune
  • Søknadsfrist
    10.02.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3550, GOL
    GOL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3383027
  • Se her for andre jobber fra Gol kommune
  • Oppdatert 20.01.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Gol kommune

Jordmor - 60% fast stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Frå 01.03.21 er det ledig ei 60 % fast stilling som jordmor ved helsestasjonen i Gol. 

Helsestasjonen har 2 jordmødrer og 4 helsesjukepleiarar og held til i gode, trivelege lokale i same bygg som legekontoret. 

Tenesta er organisert under helseavdelinga, med fagleiar for jordmortenesta som fagansvarleg og avdelingsleiar helse som næraste overordna. 

Fire av Hallingdalskommunane har felles beredskapsvakt og følgeteneste for gravide til sjukehus. Dette er organisert i turnus med døgnvakter inkludert kveld, natt, helg og høgtider. Per dato er det vakt kvar 6. helg. I stillinga er det krav om deltaking i dette. Det er eigen avtale om godtgjering for dette. 

Stillinga krev nært samarbeid med andre kommunale og interkommunale tenester. 

Arbeidsoppgåver:

  • Svangerskapsomsorg
  • Svangerskapskurs
  • Kvinnehelse/ barselomsorg
  • Etterkontroll og prevensjonsveiledning
  • Deltaking i beredskapsvakt og følgeteneste
  • Skulehelseteneste og undervisning
  • Helsestasjon for ungdom 

Kvalifikasjonar:

  • Jordmor med autorisasjon 

Vi søkjer (personlege eigenskaper):

  • Gode fagkunnskapar
  • Erfaring som jordmor
  • Evne til å arbeide sjølvstendig
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Løysingsorientert og fleksibel
  • Engasjert 

Vi tilbyr:

  • Eit godt arbeidsmiljø i lyse og trivelege lokale
  • Spennande og varierte arbeidsoppgåver
  • Tverrfagleg samarbeid 

For stillinga gjeld:

  • Lønn etter gjeldande avtaleverk
  • Gode ferdigheiter i norsk, både munnleg og skriftleg
  • Førarkort for bil 

Anna:

  • Gyldig politiattest må leggjast fram
  • I skjemaet er det mogleg å krysse av for at søknaden ikkje skal blir offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjør oppmerksam på at opplysningar om søkarane likevel kan bli offentleggjorde, jamfør offentleglova § 25. Du vil da bli varsla om dette på førehand slik at du har moglegheit til å trekkje søknaden din. 

Send søknad:

  • Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta. Trykk på den grøne knappen oppe til høgre: Send søknad, godta personvernreglane og trykk Neste (du treng ikkje å opprette brukar først).
  • Godkjente kopiar av vitnemål og attestar må takast med til arbeidsgivar ved eventuelt intervju. Ansiennitet blir rekna ut i frå desse.
  • Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett
    e-postadresse i søknaden.
 

  • Bedrift
    Gol kommune
  • Søknadsfrist
    10.02.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3550, GOL
    GOL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3383027
  • Se her for andre jobber fra Gol kommune
  • Oppdatert 20.01.2021