Bedrift
Vestnes kommuneSøknadsfrist
25.01.2021Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6390, VESTNES
VESTNES
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3359817Se her for andre jobber fra Vestnes kommune
- Oppdatert 06.01.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Vestnes kommune
Jobbspesialist
Offentlig forvaltning
Er du energisk og uredd? Vi søker jobbspesialist for rekruttering!
Vi har ledig stilling som jobbspesialist ved NAV Vestnes. Stillinga er ei midlertidig prosjektstilling på inntil 2 år, med moglegheit for forlenging. Stillinga er ledig etter avtale eller så snart som mogleg.
Tiltaket er arbeidsretta og inneber tett oppfølging av brukarar og mykje utetid hos arbeidsgjevarar er ein føresetnad. Utvida oppfølging i NAV skal utførast av eiga rolle i NAV som jobbar etter Supported Employment-metodikk.
I den forbindelse ønsker vi ny medarbeidar som vil jobbe i eit engasjert og nyskapande miljø. Har du gode kommunikasjonsevner og er ein nettverksbyggar som vil jobbe med rekruttering? Er du ein person med mykje pågangsmot, som kan være tydeleg og direkte? Er du ein menneskekjennar? Då er du sannsynlegvis akkurat den vi leiter etter.
NAV Vestnes er ei kompetanseverksemd med ca. 12 medarbeidarar og med eit solid fagmiljø.
Verksemda er utviklingsorientert og har høge ambisjonar. Gjennom vår innsats får fleire moglegheiter til å vere i arbeid, delta i samfunnet og vere sikra inntekt.
NAV Vestnes yter tenester til Vestnes kommune sine ca. 7.000 innbyggarar.
Ansvarsområde og arbeidsoppgåver:
- Hovudmålsettinga er å bidra til at flest mogleg arbeidssøkarar oppnår sitt mål om tilknyting til arbeidslivet
- Arbeide etter alle steg i femtrinnsmodellen i Supported Employment
- Identifisere jobbsøkarane sine interesser, sterke sider, ferdigheiter og evner samt matche med rette jobbar/arbeidsgjevarar
- Booke møte med potensielle arbeidsgjevarar og oppsøke verksemder – vere mykje på farten
- Skape gode relasjonar og arbeide tett med arbeidsgjevarar og deltakarar
- Skape gode relasjonar med samarbeidspartnarar, som lege, DPS, kommunen m.m
- Dokumentere skriftleg i NAV sine saksbehandlingssystem
- Engasjere og motivere både jobbsøkarar, arbeidsgjevarar og kollegaer
- Jobbe med 12-20 deltakarar, med krav om 65 % overgang til arbeid
Utdanning og erfaring:
- 3-årig høgare utdanning fra universitet/høgskole. Særleg relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
- Du kan med fordel ha erfaring fra sal/service og/eller fra rekruttering/bemanning
- Ha ein resultatorientert og profesjonell tilnærming til jobben
- Ha evne til å skape relasjon og tillit hos ulike type menneske
- Ha kjennskap til arbeidsmarkedet i og utanfor regionen og gjerne ha erfaring frå privat næringsliv
For å lykkes i denne jobben, er det viktig at du:
- Har trua på at alle menneske til trass for sine utfordringar kan få, og behalde ein vanleg jobb
- Har evne til å jobbe resultatorientert og samtidig vere opptatt av god kvalitet
- Likar å bygge relasjonar og skape motivasjon
- Kan arbeide målretta, sjølvstendig, nøyaktig og effektivt
- Tole å bli følgd opp på resultat
- Er ein lagspelar, som kan dele erfaringar og kontaktar i teamet
- Kan handtere uføreseielegheit i eit dynamisk miljø
- Har gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsferdigheiter
- Førarkort klasse B
- Disponere eigen bil
Personlege eigenskapar vil bli vektlagd.
Vi tilbyr:
- Spanande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innanfor eit viktig samfunnsområde
- Ein dynamisk arbeidsplass med vekt på utvikling, kunnskapsdeling og humor
- Eit aktivt og engasjert arbeidsmiljø med gode kollegaer
- Opplæring, kurs og kompetanseheving
- Fleksibel arbeidstid
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i tråd med tariffavtale
Stillinga som jobbspesialist blir tilknytta metodeveiledar hos NAV Molde, så ein må pårekne møteverksemd og deltaking i jobbspesialist teamet hos NAV Molde.
Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidater til å søke jobb hos oss uansett alder, kjønn, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vestnes kommune er IA-verksemd, og vi vil legge forholda til rette for søkarar med funksjonshindringar.
Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2% av lønna i pensjonsinnskot. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
Ved tilsetting som krev politiattest, skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader. Aktuelle søkjarar kan bli innkalla til samtale eller intervju.
Referanser
Oppgi referansar.
Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.
Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.
Søkjarlista kan bli offentleggjort.
Bedrift
Vestnes kommuneSøknadsfrist
25.01.2021Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6390, VESTNES
VESTNES
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3359817Se her for andre jobber fra Vestnes kommune
- Oppdatert 06.01.2021