Bedrift
Molde kommuneSøknadsfrist
15.04.2021Stillingsfunksjon
Fast StillingAnsettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Midsund
MOLDE
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
3670535Se her for andre jobber fra Molde kommune
- Oppdatert 27.03.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Molde kommune
Intern utlysning: Undervisningsinspektør
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Stillingstype
Det er ledig 100% stilling som undervisningsinspektør ved Midsund barne- og ungdomsskule. Det må påreknast undervisning i stillinga, med krav om kompetanse til å kunne undervise både på barne og ungdomstrinnet.
Arbeidsplassen
Midsund skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule som i dag har 232 elevar. Midsund skule har fokus på trivsel og læringsmiljø og arbeider systematisk for å skape og vidareføre eit skulemiljø som fremmar helse, trivsel og læring. Vurdering for læring er eit av satsingsområda for Midsund skule, i tillegg til ikt/digital kompetanse og internasjonalisering.
Omfattande renovering og nybygging vert sluttført vår 2021. Skulebygget har høg standard, har gode og fleksible areal og er godt utstyr med moderne hjelpemiddel.
Hovudoppgåver
Undervisningsinspektør på barnetrinnet vil saman med rektor og inspektør på ungdomstrinnet utgjere leiinga ved skulen. Inspektør har ansvaret for timeplanarbeid, ressursutnytting og dagleg handtering av fråvær og vikarar. Inspektør skal delta i og vere pådrivar for skulen sine utviklingsarbeid. Inspektøren har og medansvar for pedagogisk rettleiing av personalet. Halde oversikt over undervisningsmateriell og gjennomføre innkjøp og bestilling er og ein del av inspektøren sine oppgåver. Inspektør skal og vere ein nøkkelperson for den vidare digitale utviklinga ves skulen og må ha gode digitale ferdigheiter innanfor pedagogisk bruk av ikt. Beskrivinga av oppgåver er ikkje uttømande og andre arbeidsoppgåver vil kome til og fordelast mellom leiinga etter kompetanse og behov. Det vil ligge undervisning til stillinga.
Kvalifikasjonar
Formelle krav til stillinga finnast i forskrift til opplæringslova.
Vi søkjer ein inspektør som har:
Erfaring og kompetanse frå barnetrinnet
Utdanning på høgskulenivå
God digital og teknisk kompetanse
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Evne og lyst til å skape gode relasjonar til elevar, føresette og medarbeidarar
Fleksibilitet og er løysingsorientert
Sjølvstendig tilnærming til arbeidsoppgåvene
Ønske om, og interesse for, å delta i endrings- og utviklingsarbeid
Leiarerfaring vil vere ein fordel.
Personleg egnethet vert vektlagt
Vi tilbyr
Vi tilbyr eit godt, inkluderande og utviklingsorientert arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar med høgt fagleg fokus og best mogleg tilbod for våre tilsette og brukarar.
Anna
Søkar må kunne legge fram politiattest.
Søknad
Vi ber om at elektronisk søknadsskjema vert brukt. Godkjente kopiar av vitnemål og attestar må takast med til arbeidsgjevar ved eventuelt intervju.
Søkarliste
Søkarlista kan verte offentleggjort.
Bedrift
Molde kommuneSøknadsfrist
15.04.2021Stillingsfunksjon
Fast StillingAnsettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Midsund
MOLDE
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
3670535Se her for andre jobber fra Molde kommune
- Oppdatert 27.03.2021