Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
24.10.2021Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4128024Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
- Oppdatert 07.10.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Sogndal kommune
Inspektør byggetilsyn
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vi har om kort tid ledig ei 100% stilling som inspektør knytt til byggestilsynet, og lyser derfor ut etter ein medarbeidar med byggteknisk, juridisk eller anna relevant kompetanse for å fylle denne stillinga. Det er i tillegg aktuelt å utvide med ei ny stilling i inntil 100% med bakgrunn i utviding av tilsynsområdet vårt, til saman to stillingar.
Sogn brann og redning IKS er eit interkommunalt selskap eigd av kommunane Vik, Sogndal og Luster. SBR IKS har sitt hovudkontor i Sogndal. Selskapet har i dag 12 heiltidstilsette (av desse er 5 feiarstillingar) og om lag 90 deltidstilsette fordelt på 8 brannstasjonar og depot.
Førebyggande avdeling har ansvar for tilsyn med 196 særskilte brannobjekt, og feiing/tilsyn med i overkant av 9100 fyringsanlegg.
Eigarkommunane sitt ansvar for byggetilsyn etter plan- og bygningslova lagt til selskapet. Det er i tillegg oppretta ekstern avtale om å utføre byggetilsyn i Høyanger, og starta arbeid med å etablere avtale med andre kommunar i Sogn.
Venta arbeidsoppgåver
- Gjennomføre byggetilsyn i samsvar med plan- og bygningslova og forskrifter, i nært samarbeid med byggesaksavdelingane i kommunane.
- Årleg rapportering av tilsynsverksemda i samråd med kommunane.
- Delta i møter med eigarkommunane og kommunane vi har avtale med etter behov.
Andre oppgåver som kan vere aktuelle
- Førebyggande oppgåver etter brann- og eksplosjonsvernlova og forskrift om brannforebygging.
Kva treng du av kvalifikasjonar
- Utdanning som ingeniør frå ingeniørhøgskole, anna relevant høgskuleutdanning som jus/rettsvitskap/arealplanlegging eller tilsvarande.
- Minimum førarkort kl. B.
- Lang relevant praksis med tilhøyrande fagbrev/fagskule og erfaring frå m.a. offentleg sakshandsaming vil kunne bli vurdert.
Ved ev. tilsetting av søker som ikkje tilfredsstillar kvalifikasjonskrava må vedkommande forplikte seg til å gjennomføre nødvendig opplæring etter tilsetting.
I tillegg vil det bli lagt vekt på
- Gode kunnskapar i og erfaring med bruk av IT-verktøy.
- Gode munnlege og skriftlige framstillingsevner.
- Personlig skikka, engasjert og interessert.
- Evne til å arbeide både i team og sjølvstendig, strukturert og nøyaktig. Vere fleksibel og ha evne til å skape gode relasjonar til både publikum/brukarar og medarbeidarar.
- Relevant praksis.
Vi tilbyr
Du kan vente deg meiningsfull, utfordrande og allsidig kvardag i et ope og engasjert miljø. Vi kan tilby fleksibel arbeidstid, løn etter avtale samt det ypparste av norsk natur som arbeidsområde.
Vi ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i selskapet er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
24.10.2021Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4128024Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
- Oppdatert 07.10.2021