Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Utlendingsdirektoratet

Innføringsleiar i UDIs IT-avdeling (20/20)

Offentlig forvaltning

Har du lyst til å vere ein sentral ressurs i utviklinga og forvaltninga av framtidige IT-løysingar? Synest du det er viktig at staten leverer brukarvennlege og effektive tenester? Ønskjer du å bidra til at brukarane møter ei heilskapleg offentleg forvaltning, og kunne du tenkje deg å vere ein del av eit arbeidsmiljø som har som mål å levere gode resultat saman?  

Vi er godt i gang, men ikkje i mål, og søkjer derfor etter engasjerte medarbeidarar som ønskjer å vere med på denne reisa. No har vi ei ledig stilling som innføringsleiar i UDIs IT-avdeling, Avdeling for elektronisk forvaltning (AEF).  

UDIs IT-avdeling 
Du blir del av ei avdeling med i underkant av 80 tilsette. Avdelinga har ansvar for å forvalte og utvikle nasjonale IT-tenester som handterer søknader om vern, visum og opphald på andre grunnlag. UDI behandlar årleg over 360 000 søknader i sjølvbetenings- og saksbehandlingssystema våre.

UDI er på veg til å etablere ei saksbehandlingsløysing for framtida, der målet er å automatisere ein større del av oppgåvene ved hjelp av prosessmotor, regelmotor og maskinlæring. Dette kjem til å føre til store endringar i arbeidsmåten vår, og ei vellykka innføring er sentralt for å sikre gode arbeidsprosessar og gevinstar. Dette rører ved både brukarane, førstelinja som tek imot søknaden, saksbehandlarane og andre samarbeidspartnarar.

Målet vårt er utstrekt digital kommunikasjon med søkjarane og samfunnet elles. Digitalisering er sentralt i verksemdsstrategien til UDI. UDI gjennomfører for tida eit organisasjonsutviklingsprosjekt, og vi jobbar for at utlendingsforvaltninga skal vere i toppsjiktet innanfor digital forvaltning i det offentlege.    

Drifts-, vedlikehalds- og utviklingsoppgåver er sette ut til eksterne leverandørar, gjennom kontraktar som blir følgde opp av medarbeidarar i avdelinga.    

Vi deltek i tillegg i eit utstrekt europeisk samarbeid om felles IT-løysingar på utlendingsfeltet.  
 
Innføringsleiar (endringsleiar)
For å kunne leggje til rette for effektiv bruk av dei nye løysingane våre ser vi at ei god innføringsstøtte i utlendingsforvaltninga er vesentleg. Vi ønskjer å byggje opp eit innføringsteam som i første omgang består av tre ressursar. Teamet skal etablere metodar og rutinar og profesjonalisere seg på innføringsleiing i samband med prosjekt og større endringar. IT-avdelinga søkjer derfor éin til to kandidatar til stillingar som innføringsleiarar.
 
Innføringsleiaren har som oppgåve å sørgje for ei god innføring av dei nye løysingane i samarbeid med avdelinga/etatane og prosjekta. Innføringsleiaren er med i prosjektet frå konseptfasen og jobbar med å førebu løysingane som blir leverte, og med å sikre at brukarane og kundane får ei god oppleving ved innføringa av nye løysingar. 

Arbeidsoppgaver
  • etablere og vidare forvalte metode for innføring i utlendingsforvaltninga
  • koordinere innføringsarbeidet og ha god dialog med andre aktivitetar slik at leveransane treffer heilskapleg og koordinert mot avdelingane/verksemdene som skal ta imot 
  • sikre at prosjekta følgjer metoden for innføring slik at 
    • endringa og målbildet for den framtidige situasjonen er tydeleg beskrive
    • prosjektet har tilstrekkeleg kunnskap om organisasjonen og interessentane som endringa treffer
    • prosjektet har ein sameint strategi for innføringa
    • prosjektet har ein sameint plan for innføringa
    • prosjektet har ein kommunikasjonsplan som blir følgd gjennom prosjektperioden
    • prosjektet har ein plan for å sikre etterleving og realisering av gevinstar

Hos oss får du

  • vere med og leggje til rette for eit nytt, smidig utviklingsmiljø i UDi
  • store faglige utfordringar og høve til å utforme sentrale IT-løysingar i Noreg
  • eitarbeidsmiljø med engasjerte og dyktige medarbeidarar
Kvalifikasjoner
  • høgare relevant utdanning på høgskole-/universitetsnivå, anten master- eller bachelornivå, relevant erfaring kan kompensere for kravet
  • har kunnskap om metode(-ar) for innføring
  • har erfaring frå endringsarbeid, opplæringsarbeid og kunnskapsformidling
  • har erfaring frå IT-prosjekt, gjerne frå det offentlege
  • har helst sertifisering innanfor prosjektmetodikk 

Vi ønsker at du

  • er engasjert og løysingsorientert
  • er initiativrik og kvalitetsorientert
  • har kjennskap til utlendingsforvaltninga og korleis prosessane fungerer på tvers av avdelingar og etatar
  • er i stand til å ha rolla som omsetjar mellom IT-folka og brukarane av dei nye løysingane
  • har evne til å sjå heilskap og samanhengar
  • er ansvarsbevisst
  • har evne til å handtere parallelle prosjektoppgåver og delegere oppgåver ved behov
  • har gode samarbeidsevner og evne til å spele personar gode
Vi tilbyr
  • ei stilling som seniorrådgivar i stillingskode 1364, lønnsnivå frå kr 617 800 til kr 835 500 – for spesielt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn. To prosent trekk til Statens pensjonskasse sikrar deg gode ordningar for pensjon, lån og forsikring

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie å bli positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgivarportalen.

Vi oppfordrar søkjarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har funksjonsnedsetjng, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssingane i jobbsøkjarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.

UDI skal flytte til nye lokale på Helsfyr (https://valleforalle.no/valleview/) våren 2021

I samsvar med offentleglova kan namnet ditt som søkjar offentleggjerast sjølv om du har bede om å ikkje bli oppført på søkjarlista. Du vil i så fall bli varsla.