Bedrift
Statkraft ASSøknadsfrist
15.03.2020Ansettelsesform
workTime.DagBransje
KraftproduksjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6868, GAUPNE
LUSTER
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
2765006Se her for andre jobber fra Statkraft AS
- Oppdatert 20.02.2020
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Statkraft AS
Ingeniør prosesstyring og IKT, Gaupne
Kraftproduksjon
Region Midt-Noreg, med til saman 200 tilsette, har ansvar for drift og vedlikehald av 32 kraftverk og 8 vindparkar i Vestland, Møre og Romsdal og Trøndelag, og når snart ein normal årsproduksjon på nærare 14 TWh.
Produksjonsavdelinga ansvar for produksjonsplanlegging, vedlikehaldskoordinering og døgnkontinuerleg styring og overvaking av produksjonsanlegg, i tillegg til regionalt fagansvar for IKT og Prosesstyringssystem. Avdelinga har 15 medarbeidarar.
Vi søkjer etter ein engasjert og fagleg dyktig ingeniør innan Prosesstyring og IKT som skal jobbe med vedlikehald, oppdatering og vidareutvikling av våre system for prosesstyring (SCADA-system) og andre tilhøyrande system.
Din rolle:
Du har eit operativt ansvar mot vår systemdrift av SCADA-system.
Du jobbar tett mot vår regionssentral for å fange opp eventuelle feil og endringsbehov, og mot vår prosjektorganisasjon for å sikre god oppdatering av systema ved endringar og utvidingar ute i anlegga.
Du har eit regionalt fagansvar innan prosesstyring og IKT, og samarbeide tett opp mot sentral fagmatrise i Statkraft.
Du yter bistand og driftsstøtte til våre kraftverksgrupper
Din profil:
Du har høgare teknisk utdanning (bachelor/master).
Du har erfaring frå fagfeltet prosesstyring og/eller IKT.
Erfaring frå kraftproduksjon eller prosessindustri er ynskjeleg.
Du formulerer deg godt både skriftleg og munnleg, på norsk og engelsk.
Du ynskjer resultat, tek eigne initiativ og er flink til å jobbe både sjølvstendig og i samarbeidsgrupper.
STATKRAFT TILBYR:
Fagleg og personleg utvikling i eit konsern i sterk vekst
Eit godt arbeidsmiljø prega av kompetanse, ansvar og nyskaping
Mangfald med hensyn til kjønn, alder og kulturell bakgrunn
Konkurransedyktige vilkår og gode velferdsordningar
Nærmare informasjon får du ved å kontakte produksjonssjef Kåre Hønsi tlf. 911 73 219.
Registrer søknad og CV på www.statkraft.no ”Jobb og Karriere” – ”Ledige stillingar” innan 15. Mars.
Bedrift
Statkraft ASSøknadsfrist
15.03.2020Ansettelsesform
workTime.DagBransje
KraftproduksjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6868, GAUPNE
LUSTER
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
2765006Se her for andre jobber fra Statkraft AS
- Oppdatert 20.02.2020