Detaljer

  • Søknadsfrist
    18.11.2018
  • Bedrift
    Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom)
  • Sted:
    LILLESAND
  • Type arbeid:
    Ingeniør
  • Stillingstype:
    Heltid
  • Antall stillinger:
    1
  • Bransje:
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Påkrevet
  • Ønsket Språk:
    Norsk, Engelsk
  • Fylke:
    AUST-AGDER
  • Arbeidssted:
    Lillesand
  • Land:
    Norge
  • karriere-kode:
    1046407

Ingeniør - private mobile radionettverk

Frekvensressursar er ein føresetnad for all trådlaus kommunikasjon i det moderne samfunnet. Nkom har mellom anna ansvar for å planleggje og tildele bruken av frekvensar til kringkasting, radiolinje og private mobile radionettverk. No leiter vi etter ein engasjert kollega som skal jobbe med å planleggje og tildele frekvensar til ulike typar radiosystem, med særleg ansvar for private mobile radionettverk.

Spektrumsavdelinga planlegg bruken av, og tildeler, radiofrekvensar i Noreg. Frekvensar er ein avgrensa og verdifull naturressurs som forvaltast av myndigheitene slik at bruken skal gje mest mogleg samfunnsnytte. Vi deltar i internasjonale fora som arbeider med bruken av frekvensressursar, gjev faglege innspel og greier ut aktuelle spørsmål knytt til bruk av frekvensar.

Du vil vere del av seksjon for spektrumstildeling, som er ein av to seksjonar i spektrumsavdelinga. Seksjonen består av 12 kollegaer med hovudsakeleg teknisk kompetanse.

Arbeidsområde:
  • planleggje og tildele frekvensressursar til ulike typar radiosystem, med særleg ansvar for private mobile radionettverk
  • følgje opp tildelingar og føre tilsyn med vilkår i tildelte frekvensløyve
  • delta i, og eventuelt leie, prosjekt
  • koordinere bruk av frekvensressursar på tvers av landegrenser
  • delta i nasjonale fagfora
Kvalifikasjonar:
  • fortrinnsvis mastergrad innanfor eit relevant fagområde (radiokommunikasjon, teleteknikk, eller liknande), alt. bachelorgrad eller tilsvarande innan eit relevant fagområde og samstundes ha relevant arbeidserfaring
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • god evne til raskt å setje deg inn i nye dataverktøy
Det er ønskjeleg med:
  • erfaring innanfor dei relevante fagområda
  • erfaring med planlegging av radionettverk
  • erfaring med prosjektleiing
Personlege eigenskapar:
  • sjå heilskap og samanhengar
  • engasjert, initiativrik og god til å spele på lag med andre
  • analytisk, strukturert, kvalitetsbevisst og serviceorientert
  • høg arbeidskapasitet og vere ein pådrivar
  • god til å dele innsikt og kompetanse

Stillinga er lønna som overingeniør/senioringeniør frå kr 470 000 – 670 000, avhengig av kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast.

Nyutdanna med mastergrad er også velkomne til å søkje, og vert då tilsett som overingeniør.

Frå lønna trekkast to prosent innskott til Statens pensjonskasse.

Kontakt gjerne seksjonssjef Svend Albert Toft, tlf. 913 05 689, sat@nkom.no, eller avdelingsdirektør John-Eivind Velure, tlf. 957 48 447, jev@nkom.no for ein prat om stillinga.

Vi ynskjer kvinner og deg med innvandrarbakgrunn spesielt velkomen til å søkje.

Søk jobben innan 18. november 2018.

Opplysningar om kven som har søkt denne stillinga, kan offentleggjerast sjølv om søkjarar har reservert seg mot å stå på offentleg søkjarliste. Søkjarar vil bli varsla i forkant dersom ønsket om reservasjon ikkje blir tatt til følgje.