Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Utlendingsdirektoratet

Informasjonsforvaltar

Offentlig forvaltning

UDI er på veg mot å etablere framtidas saksbehandlingsløysing, der målet er å automatisere ein større del av oppgåvene våre ved hjelp av prosessmotor, regelmotor og maskinlæring.  Målet vårt er utstrekt digital kommunikasjon med søkjarane og resten av samfunnet. Vi jobbar for at utlendingsforvaltninga skal vere i toppsjiktet innan digital forvaltning i det offentlege.    
 
Data frå utlendingsforvaltninga skal tilføre det offentlege Noreg verdi. Digital samhandling og automatisering krev kjennskap til kva data verksemda forvaltar, og kva desse dataa betyr. Som informasjonsforvaltar vil du vere ein sentral ressurs i arbeidet med å skape «Orden i eige hus».
 
I stillinga som informasjonsforvaltar vil du jobbe i skjeringspunktet mellom fagmiljøa og IT. Det er viktig å kommunisere godt med fagmiljøa og forstå samanhengen mellom systemporteføljen, dataa som blir lagra, og den faglege verksemda til utlendingsforvaltninga.
 
Du vil bruke mykje av tida di til å setje deg inn i og forstå datamodellen til utlendingsforvaltninga. Til dette arbeidet vil du måtte bruke verktøy som SQL. Det er derfor ein fordel om du finn glede i å studere datastrukturar i tabellar. Ein viktig del av jobben vil vere å setje standard for kvaliteten på dataa vi lagrar, og overvaking av data for å sikre at standarden blir halden.

Arbeidsoppgaver
  • Du bruker mykje av tida di til å forstå datamodellen til forvaltninga.
  • Du er ein drivar for å etablere beste praksis og standardar for informasjonsforvaltning.
  • Du legg premissar for korleis nye system les frå og skriv til databasen. 
  • Du er sentral i oppbygginga av ein god informasjonsarkitektur i UDI.
  • Du følgjer opp datakvalitet i løysingane våre og legg til rette for betre datakvalitet. 
  • Du bidrar i digitaliseringsprosessar.
  • Du held deg orientert om nasjonale retningslinjer for informasjonsforvaltning.
  • Du vil samarbeide med ulike fagmiljø i og utanfor UDI.
Kvalifikasjoner
  • Du må minimum ha utdanning på bachelornivå. Solid relevant erfaring kan kompensere for kravet til utdanning. 
  • Kjennskap til IT-systema, datagrunnlaget og/eller det faglege arbeidet til utlendingsforvaltninga er ein fordel. 
  • Kjennskap til Digitaliseringsdirektoratets rammeverk for informasjonsforvaltning er ein fordel. 
  • Kjennskap til SQL er ein fordel.
  • Erfaring med å jobbe i tverrfaglege team og/eller med smidig utvikling kan vere ein fordel. 
  • Du skriv godt på norsk og engelsk. 
  • Du må kunne autoriserast for tilgang til systema til forvaltninga. 
Personlige egenskaper
  • Du er engasjert, løysingsorientert og sjølvdriven. 
  • Du er i stand til å tenkje langsiktig i ein operativ kvardag. 
  • Du inviterer andre inn i arbeidet ditt. 
  • Du er lett å samarbeide med.
  • Du har forståing for UDIs rolle og samfunnsoppdrag. 
Vi tilbyr
  • sjølvstende og høve til å setje ditt eige preg på løysingane vi lagar 
  • eit krevjande og givande arbeid 
  • ein arbeidsplass med eit viktig samfunnsoppdrag, prega av høg fagleg kompetanse, engasjement og dyktige medarbeidarar 
  • éin time betalt trening i arbeidstida per veke 
  • fleksitidsordning, og overtidsbetaling ved pålagt overtidsarbeid
  • ordna forhold med ein arbeidsdag på 7 timar og 45 minutt (7 timar om sommaren), inkludert lunsjtid 
  • Stillinga blir lønt som rådgivar/seniorrådgivar i lønnsspennet 600 000 kr til 750 000 kr. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast. To prosent trekk til Statens pensjonskasse sikrar deg gode ordningar for pensjon, lån og forsikring. 

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie å bli positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgivarportalen.

Vi oppfordrar søkjarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har funksjonsnedsetjng, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssingane i jobbsøkjarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.

UDI skal flytte til nye lokale på Helsfyr (https://valleforalle.no/valleview/) våren 2021.

I samsvar med offentleglova kan namnet ditt som søkjar offentleggjerast sjølv om du har bede om å ikkje bli oppført på søkjarlista. Du vil i så fall bli varsla.