Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Hordaland fylkeskommune

IKT-konsulent

Offentlig forvaltning - Fylkeskommunale etater

Seksjon IKT har ansvar for lokal IKT-drift av dei fleste IKT-system som nyttast i Vestland fylkeskommune, samt infrastruktur som knyter saman alle lokasjonar. Det er i dag rundt rekna 150 ulike IKT-system pluss det som fylgjer med som del av oppgåveoverføringar frå Statens vegvesen, og brukarar spreidd på fleire titals lokasjonar i det nye fylket. Seksjon IKT skal ta i vare alle IKT-systema og all IKT-infrastruktur, og sikre og bidra at dette til ei kvar tid har riktig kapasitet, oppetid og teknisk sikring og at dei gjennom det understør brukarane og verksemda sitt behov. Seksjonen har totalt 80 medarbeidarar og 35 IKT-lærlingar, og vil frå 1. januar vere organisert i 4 faggrupper (Service, Tenesteleveranse, Systemdrift og Kjernedrift).

Faggruppa denne stillinga er lagt til, Tenesteleveranse, har ansvar for tenesteleveranseavtalar og tenestekatalog og at IKT leverer tenester i samsvar med desse. Dei tilsette i denne faggruppa er plasserte på dei lokasjonane som brukarane er, og er i tett dialog med faggruppene Service, Systemdrift og Kjernedrift. Faggruppa leverer og 2. linjetenester direkte til brukarane.

Arbeidsstaden vil vere Førde, men du må rekne med oppgåver/arbeid på Vestland fylkeskommune sine lokasjonar i regionen Sunnfjord/Nordfjord.  

 

Arbeidsoppgåver

Sikre at brukarane har ein stabil og føreseieleg IKT-kvardag.
Proaktiv rolle til IKT-kvardagen og utvikling av faggruppa Tenesteleveranse.
Gå inn i problemstillingane og prøve å løyse desse, samt hente bistand frå dei andre faggruppene i Seksjon IKT dersom det trengs, og eskalere problemet dersom det ikkje lar seg løyse. Med andre ord halde i og følgje opp problemet til det er løyst.
Delta i fellesfora saman med dei andre IKT-konsulentane.
Bidra aktivt i den strategiske utviklinga av fagområda.
Delta i aktuelle faglige fora og prosjektgrupper.









Kvalifikasjonar
Utdanning innan IKT-fag frå fagskule/vidaregåande skule eller høgare, men anna relevant kompetanse og erfaring kan erstatte kravet til formell utdanning .
Erfaring frå kontakt med underleverandørar og eksterne samarbeidspartnarar tel positivt.
Erfaring frå fagansvar knytt til lærling tel og positivt.
Fordel om du er kjent med ITIL rammeverk.




Personlege eigenskapar

Serviceinnstilt med fokus på brukarbehov og brukartilfredsheit.
Positiv innstilling, flink til å kommunisera og flink i dialogen med menneske.
Vilje til løypande fagleg oppdatering og fornying.
Proaktiv, løysingsorientert og oppteken av å få jobben gjort til rett tid.
God norsk skriftleg og munnlegg framstillingsevne.
Gode samarbeidseigenskaper samt ynskje om å understøtte ein delingskultur.                                           




Evne og vilje til å kunne være instruktør eller fagleg leiar for lærling/lærlingar.

 

Vi tilbyr

Løn etter avtale

Andre opplysningar 

Alle nytilsetjingar i fylkeskommunen blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.