• Bedrift
    Fjord1 ASA
  • Søknadsfrist
    24.06.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Ferger
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6900, FLORØ
    KINN
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2963084
  • Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA
  • Oppdatert 05.06.2020
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Fjord1 ASA

HR-LEIAR

Ferger

Fjord1 er ein verdsleiande pionér innan det grøne skiftet, og skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennlege ferje- og hurtigbåttransport i marknaden.


Om du kan tenke deg ei sentral stilling i eit innovativt selskap med høge ambisjonar om å lukkast i det grøne skiftet, kan det vere deg vi søker til stillinga som HR-leiar.

Som HR-leiar i Fjord1 tar du initiativ til å utvikla, gjennomføra og kvalitetssikra dei strategiske og operative HR-prosessane i selskapet. Du ser moglegheiter i nye digitale løysingar, og er ein pådrivar for forbetringsprosessar. Vi ser etter deg som er ein god relasjonsbyggjar, og som evnar å arbeide heilheitleg, samtidig som du sikrar at HR-funksjonen leverer effektiv og påliteleg støtte til våre leiarar.

Sentrale oppgåver vert å leggja til rette for utvikling av organisasjonen, leiarar og medarbeidarar – herunder rekruttering og onboarding av nye tilsette. Du skal bistå i personalsaker, samt bidra i forhandling av løn og betingelsar, samt oppfylging av tariffavtalar. Samarbeid med tillitsvalte er ein sentral og viktig del av rolla.

 

Vi forventar at du bidreg til strategisk utvikling innan HR-området, herunder effektivisering og digitalisering av HR-prosessane i selskapet. Leiing og utvikling av HR-teamet beståande av 4 tilsette er sentralt i rolla, i tillegg til oppfølging av KPI-ar og det å sikra verdiskaping innan HR-området. Du vil rapportera til Økonomidirektør og blir ein del av leiinga i selskapet.

 

Vi ser etter deg som har høgare utdanning innan HR, samfunnsfag, jus eller anna relevant fagfelt. Du har solid leiarerfaring, og erfaring frå tilsvarande arbeid; så som omstilling/endringsleiing, og det å drive HR-relaterte prosessar. God kjennskap til AML, lovverk, tariffar og forskrifter er ein fordel.

 

Som person har du gode samarbeids- og relasjonsbyggjande eigenskapar. Du trivst med å utvikla og motivera dine medarbeidarar. God organisasjons- og forretningsforståing er viktig for å lykkast i rolla. Du er analytisk, sjølvstendig, har høg integritet og evnar å ta avgjersler. Vi forventar også at du har god skriftleg og munnleg framstillingsevne både på norsk og engelsk.

 

Stillinga som HR-leiar er sjølvstendig og utfordrande, og du vil ha store moglegheiter for å læra, veksa og utvikla deg i rolla. Du vil vera ein pådrivar til det grøne skiftet, og blir ein del av eit engasjert og godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer.

Vi kan tilby konkurransedyktige vilkår og fleksible arbeidsordningar.

Kontorstad fortrinnsvis i Florø.

 

Ved spørsmål kontakt ein av våre rådgjevarar hos Headvisor.

Kortfatta søknad med CV sender du snarast og seinast innan 24. juni 2020 via www.headvisor.no

Alle spørsmål til Headvisor vert handsama fortruleg inntil anna er avtala.

 

  • Bedrift
    Fjord1 ASA
  • Søknadsfrist
    24.06.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Ferger
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6900, FLORØ
    KINN
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2963084
  • Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA
  • Oppdatert 05.06.2020