Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Vaksdal kommune

HR-konsulent

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vaksdal kommune har vel 4.100 innbyggjarar. Kommunen ligg sentralt til mellom Voss og Bergen. Bergensbanen og E16 går i tunnel gjennom store delar av kommunen. Reisetid med tog frå Bergen er omlag 45 minutt, frå Voss omlag 35 minutt. Sentral plassering gjer at ein kan nyta godt av både by- og bygdekultur. Kommunen har eit rikt organisasjonsliv med musikk, idrett og lagsliv.

HR-funksjonen i Vaksdal kommune ligg i stab og har ansvar for kommunen sin personalpolitikk, utarbeiding av rutinar og retningslinjer innan personal, løn, HMT og IA-arbeid, organisasjonsutvikling, kompetanseutvikling, internkontroll samt gjennomfører alle lokale forhandlingar.

Vi har ledig fast 100% stilling som HR-konsulent.

Arbeidsstad
Rådmannens stab.
Kommunehuset på Dale.

Arbeidsoppgåver
Saksbehandling innan personalområdet med til dømes tilsettingar/rekruteringsprosess, søknader om permisjon og pensjon. Informasjon, støtte og rettleiing til leiarar. Bygge opp og vedlikehalde prosedyrar og rutinar i kvalitetssystem. Delta i lokale lønsforhandlingar. Stillinga jobbar tett sammen med løn.

Krav til kompetanse
- Relevant høgare utdanning - Lang relevant erfaring kan kompensere for manglande formal kompetanse.
- Relevant erfaring, gjerne frå offentleg sektor
- God kjennskap til relevant lov- og avtaleverk
- Erfaring frå arbeid med tariffavtalar
- God digital kompetanse

Kommunen bruker Visma HRM system

Personlege eigenskapar
- Gode munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
- Gode samarbeidsevner
- Være endringsorientert

Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Lønsvilkår
Etter gjeldande lov- og avtaleverk

Vaksdal kommune kan tilby
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø. Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Søk her!

For meir informasjon kan du venda deg til Innbyggjarservice tlf: 56 59 44 00, eller personalavdelinga tlf: 992 63 956 / 453 75 984

Søknadsfrist 2. desember