• Bedrift
    Gulen kommune
  • Søknadsfrist
    30.05.2021
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5966, EIVINDVIK
    GULEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3798433
  • Se her for andre jobber fra Gulen kommune
  • Oppdatert 05.05.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Gulen kommune

Høgskuleutdanna med vidareutdanning innan psykisk helse og rus.

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Gulen kommune, med sine rundt 2300 innbyggjarar, ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen. Kommunen har ledig barnehageplass, og eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. 

Gulen kommune har ledig 100% fast stilling innan psykisk helse og rus, frå 01.09.21.

Psykisk helse og rustenesta har 2,7 stillingar fordelt på 5 tilsette, og ynskjer no å styrke tenesta med ei fast 100 % stilling. Arbeidsområdet er heile kommunen med kontorstad i Eivindvik. Den som blir tilsett vil få ein variert arbeidskvardag med gode kollegaer, der det er mogleg å vere med på å utvikle tenesta. Vi har fokus på at fysisk aktivitet er bra for den psykiske helsa og ynskjer at aktivitet kan vere ein del av tilbodet som blir gitt. Dette gjer at samtalar og oppfølging av brukarar like gjerne kan skje gjennom aktivitetar som spaserturar, fjellturar, padling eller sykkelturar, som konsultasjonar på kontoret og heimebesøk. 

Arbeidsoppgåver:

  • Individuelt klinisk arbeid
  • Kartlegging/vurdering av brukarar
  • Oppfølging av brukarar
  • Samarbeid med interne og eksterne instansar
  • Fleksibilitet i arbeidstid, noko arbeid på ettermiddag/kveld vil forekomme
  • Vara for fagleiar i psykososialt kriseteam

Kvalifikasjonar:

  • 3-årig høgskuleutdanning innan helsefag eller sosialfag, med vidareutdanning i psykisk helsearbeid, rus- og avhengighetsproblematikk, SEPREP eller tilsvarande

  • Det er ein fordel med relevant arbeidserfaring med målgruppen fra kommune og/eller spesialisthelsetjeneste
  • Det er ynskjeleg med erfaring fra kurs/gruppeverksemd (KID, angstmeistring, stressmeistring m.m)
  • Kunne bruke digitale verktøy 
  • Førarkort klasse B
  • Krav til gode norskkunnskaper; både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar:

  • Er fleksibel og kommuniserer/ samhandlar godt med brukarar, pårørande og andre samarbeidspartnarar
  • Strukturert, sjølvstendig, samarbeider godt og er initiativrik
  • Vert motivert av å yte gode tenester og bidra til vidareutvikling
  • Har god evne til etisk refleksjon
  • Bidrar til godt arbeidsmiljø
  • Bidra til ein stabil kvardag for brukarane av tenesta 
  • Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetjing

 

Anna:

  • Søkjarane må gje opp minimum to referansar i søknaden
  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • Gyldig helse- og politiattest må famvisast før tiltredning
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering

  

Vi tilbyr:

  • Spennande og varierte arbeidsoppgåver. 
  • Triveleg arbeidsmijlø
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Løn etter tariff
  • Hjelp med å skaffe bustad
  • Ledig barnehageplass i kommunen

 

 

 

 

 

 

  • Bedrift
    Gulen kommune
  • Søknadsfrist
    30.05.2021
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5966, EIVINDVIK
    GULEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3798433
  • Se her for andre jobber fra Gulen kommune
  • Oppdatert 05.05.2021